tirsdag 13. september 2011

Det har vore så stille…

Det har stått stille på bloggen min i det siste. Eg har hatt så mykje å gjere. I går var det val og all tida, både før og etterpå, har vore nytta til valkamp, valvake og valresultat.

IMG_2471

Bloggen min er ABSOLUTT FRI FOR POLITIKK, men vil eg gjerne nemne det med nokre få ord. Eg har vore lokalpolitikar og kommunestyremedlem i åtte år, og medlem i formannskapet i fire av dei. No er eg godt nøgd med å ha fått fornya tilliten for fire nye år! Begge jentene mine fekk vere med meg i stemmelokalet då eg gjorde borgarplikta mi. Dei syntest det var stor stas og kjende nok litt på alvoret. Ekstra stas var det sjølvsagt då dei fekk stempel på handa! Stolte gjekk dei ut av lokalet og proklamerte at “Vi har stemt, vi"!”

IMG_2423

No kan det hende det roar seg ei lita stund slik at eg får tid til å puste litt igjen!

Tusen takk til alle som gjorde ein jobb for demokratiet i går!

5 kommentarer:

  1. Gratulerer med fornya tillit! Så bra du engasjerer deg. Og døtra di, ja, ho må ha dei vakraste augene på jord:)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med nye fire år. Viktig å engasjere seg i samfunnet :-)Utrolig fine bilder på bloggen din; kan jeg spørre hvilket kamera du har ?? Tenker å kjøpe meg nytt etter hvert, så må undersjøke litt før jeg bestemmer meg. Jeg ser av bloggbildene dine at kvalitet på bildene er viktig :-))Flotte bilder fra stranda; herlig med de gamle husene og fine bilder av ungene. De kan du være stolt av ! Ugler er det overalt nå. Kjøpte forresten uglestoff på Stoff og Stil, kjekt, og så syns ungene det er fint også :-) Spent på hva slags ugleting du strikker...
    Ha en fin dag !

    SvarSlett
  3. Gratulere så mye! Ha en fin dag! :)

    SvarSlett
  4. Gratulere!
    Kjekt du fekk fornya tillit :-)

    SvarSlett
  5. Gratulerer!! Far min kom også inn for sin tredje eller fjerde periode, så eg veit litt om at det jammen er litt styr å vera lokapolitikar:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!