Tett i tett ligg dei to, små hjarta på benken og ser på barne-TV i lag. Av og til kikar dei på kvarandre. Seier ingenting. Berre blikk, eitt og anna smil. Minstehjartet mitt har besøk av søskenbarnet sitt. Lenge sit vi og betraktar dei utan å gi oss til kjenne. Så utruleg skjønne desse ungane er!!!
Ungane mine er heldige som får vekse opp med syskenbarn, tanter, onklar og besteforeldre i umiddelbar nærleik. Det kjekkaste er at dei også ser på mine tanter og onklar som sine. Storfamilie er eit kjent omgrep og eg er glad som er midt i ein slik gjeng.
Gode vener og syskenbarn – og alltid med kos på lur! Alltid like glade for å sjå kvarandre! Sjølv om dei av og til kan krangle så fillene fyk og tårene renn i strie straumar, så er dei like fort vener. Heldigvis ♥
Det er ikkje sjeldan at sju syskenbarn spring omkring i tunet! Av og til kan ein tru vi bur i Bakkebygrenda, andre gongar er det Bråkmakargata som passar best! Eg håper borna ser tilbake når dei er vaksne og ser kor heldige dei har vore ♥
Heilt til slutt:
Det vart litt vakuum på bloggen etter forrige blogginnlegg. Trur eg brukte all min blogg-energi på å skrive om det så låg meg så inderleg nært, at eg rett og slett hadde behov for å puste litt etterpå… Eg vil få lov til å seie tusen, tusen takk til alle som var innom og kommenterte, til alle som sende meg e-postar og delte liknande historier og til alle som skreiv fine ord på Facebook. Eg sette stor pris på absolutt alle tilbakemeldignar! Det kan vere skummelt å blottlegge alt på ein så pass offentleg måte, men det var nødvendig og det gjorde godt.
Tusen, tusen takk…♥
Hej igen
SvarSlettTusind tak for din kommentar på min blog :-)
Jeg har ikke problemer med at læse norsk, heller ikke nynorsk....min farmor var nordmand, men lever desværre ikke længere.
Jeg har også lagt dig til på min blogliste :-)
Fortsatt ha en fin helg :-)
Klem fra Danmark
For en fin blogg du har!! Det forrige innlegget ditt var vakkert og fint. Jeg legger med til som følger, og gleder meg til å lese mere.Det er alltid vakkert å dele liv og tanker.
SvarSlettLørdag??
SvarSlettElles fint blogginnlegg ja :)
L
SvarSlettHei.
SvarSlettSer du har fin tekst i bildene dine. Hvilken skrifttype er dette, og hvor kommer den fra? :)