…plukkar eg inn dei som ser fine ut og set dei til pynt på bordet. Dei varer ikkje alltid så lenge, men rekk å skape både stemning og glede før dei takkar for seg!
Gjenbruk av blomar er ganske artig!
Det er også artig å bruke om att det som andre elles brukar å kaste. Her har eg teke det tome middagsglaset som tantegullet åt opp sist han var her, og brukt det som vase for dei skjønne blomane.
Vi burde verte betre på å resirkulere og bruke om att!
Kva er ditt favoritt-tips for gjenbruk???
PS! Tusen , tusen ♥♥♥-lig takk for alle tekstmeldingar, e-postar og koslege kommentarar på bloggen på forrige innlegg…. Eg set pris på absolutt alle og takkar av heile mitt hjarte!
Enkelt og vakkert:)
SvarSlettEg tenkte ikkje så mykje på gjenbruk før eg oppdaga alt det fine rundt om i bloggane her inne. No har eg vorte mykje meir bevisst, og i dag har eg faktisk spraylakka ei gammal bondegrøn lysekrone med tilhøyrande lampett. Eg spraya dei i matt svart, og no heng dei igjen i stova mi. Fort gjort, og eg er strålande fornøgd;)
Nydeleg innlegg under her, Tove...