Bror min byggjer hus bort på marka vår, og i går kveld var det tid for smådugnad og kvalitetstid i tomta.
Det er vel ikkje akkurat ei tomt lenger, for huset har komt opp og er tett! Sjå kor herleg det badar i kveldssola!
Sjølv om vi er bort og kikar på huset omtrent dagleg, ser vi stadig nye ting og at det byrjar å likne meir og meir på eit hus og ein heim!
Neste år kan eg sitje her ilag med dei stolte huseigarane og nyte sommarkvelden og utsikta! Gler meg…
Medan eg sprang rundt og knipsa bileter var desse to karane meir opptekne av å vatne plantene i skråninga. Huset er langt i frå ferdig, men hagen er allereie komen langt på veg!!!
Her hadde dei visst planar om å spyle fotografen…
Det vart også tid for litt underhaldning ut på kvelden! Eldstemann let seg imponere over onkelen sine sjongleringsferdigheiter!
Denne røvaren her var nær ved å bløyte mor si, men eg var akkurat rask nok til å unnsleppe!!!
Det var ein vakker kveld vi hadde i går. Store og små kosa seg ute i sommarvarmen heilt til vi gjekk inn og stupte til køys!!!
Så fine bilder! Herlig å drømma seg vekk litt. Både i fint hus og fin natur!!
SvarSlettLikte VELDIG godt bilde av han som skulle spyla mor si ;-)
kor koselig å få broren så nært ;)
SvarSlettog koselige bilder som det er lett å smile av
smil fra monika
ps. takk for stemmen ;)
Milde himmel, for en utsikt. Og så herlig å tenke på at dere snart er nære naboer. Virker som dere har et godt samhold i familien. Det er et stort gode :)
SvarSlett