mandag 28. juni 2010

Lykkelege hender!

“Lykkelege hender -

vatn lever dei i, og tek i tre,

i jønn og mangt slags metall,

kaldt og varmt,

kveikjer lys, gjer opp varme.

urajohn1

Blomar får dei røre ved, og alt som skal vekse,

stryke eit dyr over pelsen,

stø opp ei plante som held på bognar,

halde vârt kring ei kosteleg bok.

Heile dagen er hendene fulle.

urajohn2

Tene ved livsens grunnkjelder får dei.

Hendene skaper brød,

deler ut føde ved dekte bord, til svoltne munnar.

Flekkar og støv og søle kverv under hendene,

dei vil at alt ikring dei skal skine.

urajohn3

Lykkelege hender.

Ein gong skal det bli sælt

å få kvile for godt.”

* Etter diktet “Lykkelege hender” av Halldis Moren Vesaas” *

Desse hendene tilhøyrer ein fantastisk 90-åring som eg var så heldig å få ha ein lang samtale med. Sprekare kar skal ein leite lenge etter! Dette er ein mann som har arbeidd all sin dag, og som framleis står på og utfører oppdrag for industrien.

urajohn4

Eg lot meg fascinere av arbeidslysta, viljen, pågangsmotet og klokskapen. Eg lærte at det er viktig å vere i livet, fylle det med meining og innhald.

“Eg kan ikkje forstå at eit menneske kan ha hatt det betre enn meg”, sa han medan dei kloke augene vart fylt av ein ufatteleg intensitet.

Slik vil eg også leve livet mitt. Slik at eg ikkje kan fatte at nokon kan ha hatt det betre enn meg.

Det er mangt og mykje ein lærer om ein berre tek seg tid til å prate med dei som kan livet best.

5 kommentarer:

  1. Artig kar han der ja!! Når ej såg hendene må ej innrømme det var nettopp han ej tenkte på... litt afrika-inspirert ;-) kjekke-en-kar!

    SvarSlett
  2. så flott innlegg - fine ord og flotte bilete.
    :-)

    Ha ei fin veke...

    SvarSlett
  3. Hei :) dette var et VELDIG fint innlegg... kjempe bra:):)

    Ha en flott uke videre:)

    Klem

    SvarSlett
  4. Nydeleg innlegg Tove..
    Å vere i livet er viktig!!!

    SvarSlett
  5. Dei sannaste ord, nok ein gong. Eg vert så glad kvar gong det er nytt frå deg. Du er så flink til klokeleg å fokusere på alt som så lett gjeng ein hus forbi i kvardagen. Ynskjer deg og dine ei god veke, med mange påminningar om det gode livet. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!