fredag 4. juni 2010

Kveldsstund…

I dag har vi hatt det bra fint! Det har vore sol frå blå himmel og fine temperaturar. Endeleg kjenner vi at sola bankar på døra!

IMG_2082

Det beste med slike dagar er at kveldane også er flotte! Desse bileta tok eg i kveld. Benken var ein bryllaupspresang frå Terje sin onkel. Han meinte at alle burde ha ein Ja-benk, og snikra like godt ein til oss!

IMG_2092

Det er ikkje alle forunt å ha verken Ja-benk eller slik utsikt frå kveldssoltrappa si!!! Her har vi mange herlege stunder…

IMG_2096

Medan eg var inne og bada minstesnuppa, hadde dei to eldste vore ute og funne seljegreiner og sat på trappa og laga fløyter. Sina måtte sjølvsagt ut å sjekke kva storesyskena heldt på med!  Eg stod lenge og såg på kor dei kosa seg i kveldssola…

IMG_2105 

Eldstemann lærte seg å lage seljeføyter i dag, eller tvitt, som det også vert kalla.  I kveld lærte han vekk kunsten til frøken midtimellom og det er ikkje reint få fløyter dei har produsert desse solrike kveldstimane!

No ynskjer eg alle ei solrik og vakker helg!!!

10 kommentarer:

  1. Kor hærli!! He nesten gløymt at d e tvitt-tid! Skal jammen sende storetausa ut i morga å lage nokre :-)
    Du he ei vanvitti utsikt Tove, her fram på dala he d vore kalde vind i dag, men me håpa d kjøme sej!

    Sommarklem til deg og dine!

    SvarSlett
  2. Du verden Tove kor glad eg er på dine vegne for at du har både ja-benk og den flotte utsikta. For egen del har eg det veldig bra i kveld sidan eg fekk salg på huset i ettermiddag. Blir rart å flytte frå vakre vestlandet - men her er faktisk utruleg flott her og. Og det beste av alt at eg har bittelitt utsikt til Jarenvatnet - så den vesle vassflata kan nok bøte på heimlengselen som sikkert vil kome innimellom. Ha ei gooood helg og klem

    SvarSlett
  3. Så herleg med slike stunder. Glimt av himmel:)

    Smiler godt av diktet under. Så sant, så sant. Frk dings fyller snart 4 og viser stadig vekk at viljen er ein stor del av prinsessa vår:)

    Ha ei flott helg.
    Klem♥

    SvarSlett
  4. Kor koselig ditte var! Kjekt at tvitt ikkje går i gløymeboka. Noke å lære ungane i helga ser eg! God helg!

    SvarSlett
  5. For en utsikt! Blir helt sjuk når eg ser dine bilder. Tenk å sitte på den benken en sommerkveld, se sola gå ned i fjorden...
    Må kikke litt til.
    Klems og takk for de flotte bilden.
    Synnöve.

    SvarSlett
  6. Koseleg med slik syskjenidyll og tradisjonsrike gjeremål:) Ja, det er godt når vi får litt sommarkjensle. I kveld har eg hatt jomfrutur med nyinvesteringa mi; ein kajakk! Mannen i livet mitt og eg har kjøpt oss kvar sin som vi har tenkt å bruke mykje i sommar:) Det var ei utruleg god kjensle å glide avgarde så nær vassflata!

    SvarSlett
  7. Koseligt innlegg med mange fine bilder.Det var så trivelig å lese det forrige innlegget og.Du er så god på å skrive om de dagligdagse tingene.Det gjør så godt, bli påminnet om å verdsette disse tingene.
    Ha ei fin helg.
    Hilsen Wenche

    SvarSlett
  8. Herlighet kor eg misunne utsikta de har!! :D Kjekt å lese Mørenytt i dag ;) Det er eit veldig bra innlegg det der.

    SvarSlett
  9. Utsikta kan bli di også den, Randi! Men då må dokke byggje i Liadal...;)

    SvarSlett
  10. Trur aldri eg har sett finare plassering for ein JAbenk. Og til stor nytte og glede er den også. Triveleg.!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!