søndag 28. mars 2010

Palmetradisjon!

Tradisjonar er viktige, særleg når det er tradisjonar som samlar familien år etter år! For sju år sidan starta vi ein palmesøndagtradisjon der vi får styre med det vi likar aller best i påska! Medan andre spenner på seg ski og reiser til fjells, pakkar vi niste, regnkle, støvlar og set kursen til næraste fjøre!

004

Vi er så heldig å bu midt i eit friluftseldorado, og ytst i bygda har Lions og kommunen laga ein fantastisk tursti tilpassa både rullestolar, vogner og små jenter som likar å springe fort! Kvar palmesøndag er dette turmålet vårt! Det er slettes ikkje langt å gå, men akkurat denne dagen er det målet som er det viktigaste!

014

Storebror peikar og forklarar! Minstesnuppa skal lære om både fisk, fugl og kva alle dei flotte fjella heiter!

016

Frøken midtimellom let seg fascinere av alt som er i fjøra og på berga! Ho er så flink til å undre seg over absolutt alt! Ho finn glede i gråstein, ser det vakre i drivved og kosar seg uansett vèr!

020

Minstesnuppa lærer fort, og har funne ein pinne som ho stolt viser fram til storebror!

024

Tang og tare er alltid kjekt å leike seg med! Desse låg langt oppe på berga og då var dei eit flott høve til å forklare om flo, fjøre og store bølger!

025

Det er nypebusker langs stien bort til berga på Rjåneset, og eg lot meg fascinere av at der var ei einaste nype som hadde bevart noko av den raude fargen gjennom heile vinteren!

Før vi reiser heim plukkar vi alltid greiner som vi tek med heim og pyntar med! I år var vi heldige og fann mange flotte greiner på bakken, sikkert resultat av mykje vind og tung snø!

Vel heime kosar vi oss med å pynte litt. Eg er vel ikkje akkurat kjend for å vere påskepyntemeister, så det er stort sett pynt som ungane har laga som passerer nålauget!!! For oss er det ikkje påskepynten som skaper påskestemning; men levande lys, late timar i sofaen med gode bøker eller filmar, friske turar i all slags vèr, friske blomar og besøk av kjende og kjære!

053

Og når kvelden sig på……

033

…kosar husfrua seg med eit strikk og let tida segle sin eigen sjø! No skal eg strikke ferdig ein oppvaskklut til systra mi, deretter er det berre å ta fatt på OL-gensaren igjen!

God palmesøndagskveld til alle!

 

10 kommentarer:

  1. Ein fin og koseleg tradisjon du har laga Tove.
    Kos deg i påska:-))

    SvarSlett
  2. Ahh, det er så fint der ute! Så skjønar godt at dykk har laga dykk denne tradisjonen :)
    Å pynte til påske med alt det gule er slett ikkje like kjekt som å pynte til jul med det raude. :)

    SvarSlett
  3. Så kooooselig å gjøre i påska :)

    Utrolig flotte bilder du !!! Det må jeg virkelig si de var :)!!

    SvarSlett
  4. Så flott ein start på Påskeferien!

    Kos dokke vidare :-)

    SvarSlett
  5. Så koselig påsketur dere har hatt ;)
    her har det vert kostymerenn - som er vår tradisjon på ein palmesøndag
    Kos deg i påska Tove
    Smil fra monika

    SvarSlett
  6. Så koselig :) Her i huset er det også mest heimelaga påskepynt å finne ;)

    SvarSlett
  7. Så kosleg! Her er det eit par gule blomar og ein hare som har fått kome fram, i tillegg til gule lys. Men pynt eller ei, det er herleg med påske iallfall :)

    Trur eg må prøve meg på å strikke litt oppvaskklutar eg også, desse langtidsprosjekta vert litt traurige i blant, så treng noko som eg ser ein ende i raskt. Lurer derfor på kva garn du anbefalar :)

    God påskeveke!

    SvarSlett
  8. Slik har det vore her hos oss også. Me har aldri vore på påskefjellet, men har kosa oss ute likevel :)

    Nydelege bilde du har på dåpsinnlegget og eg falt for innlegget "Storeguten min..."

    Du har ein "varm og god" blogg som det alltid er ei glede å besøke :)

    SvarSlett
  9. Dette er ei flott tradisjon du fått til. Det er viktigt å holde på dei.
    Flotte bilder viser du og lengter opp til havet og fjellene når eg ser dem.

    Ha nå ei flott mandagskveld.
    Klems

    SvarSlett
  10. Hei! :)

    Du har tidligere skrevet om de oppvaskklutene du strikker av en tråd som er delvis hamp?
    Kunne du skrevet hvilket garn dette er, mtp merke og slikt?

    Skulle gjerne hatt tak i det :)

    -Helene Løken-

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!