tirsdag 30. juni 2009

Pause.

I kveld måtte eg ta meg ei pause. Sortere litt tankar. Kome meg til hektene igjen.

001

Har vore litt tusp siste dagane, med både øyrebetennelse og augebetennelse. Trudde ikkje eg skulle bli så slått ut. Så tappa for energi. I dag fekk eg heldigvis medisin for både det eine og det andre, så no kryssar eg fingrar for snarleg betring.

003

Det har vore ein varm og deilig dag. I kveld sprakk skylaget og sola kika fram. Måtte ta med meg litt kveldskos ut på altanen og nyte den vakre kveldshimmelen. Rart å tenke på kor annleis vèret var i går, med flammande lyn over himmelen og  kraftige tordenskrall.

007 

Vi fekk kanskje ei påminning om at vi må ta ein dag om gongen. Ikkje vente på morgondagen og håpe at den vil bringe med seg gode ting. Kanskje vi heller skal ha fokus på å fylle dagen i dag med alt det gode vi ynskjer. Ei tragedie rysta nok ein gong Ørstasamfunnet, og mange menneske sit att i djup sorg og lengt. Hjartet mitt blør for dei. Fire flotte ungdomar som ikkje skulle få ein morgondag. Ein pappa, som ikkje skulle få stå opp ilag med borna sine neste dag. Det er så opprivande, så vondt og så meiningslaust. Eg vonar dei som sit att kjenner alle dei gode tankane og all varmen vi sender dei.

019

Eg har lenge hatt ei flaske Arizona-te i kjøleskapet, og kjende at i kveld var kvelden for å unne seg den. Den nydelege, søte smaken av plomme passa så godt inn i sommarkvelden min.

022

Endåtil husbonden måtte ut og kjøle eg ned litt med ei forfriskande glas te! Godt å ha nokon å dele kveldsstunda med.

011

Det har vore ein underleg, men god kveld. Ein kveld med mange kjensler, tankar og stemningar. Tankane mine går til dei som har mista sine nære og kjære. Dei som kjempar for å få kvardagen til å gå rundt.

Denne flotte bloggdama snakkar så varmt om å strø glitter på kvardagen. La oss håpe at dei som har opplevt store tap, også får oppleve å kunne strø glitter på kvardagen sin igjen.

8 kommentarer:

  1. Nydelig innlegg Tove..ja vi tenker på dei vi også...så mye som har ramma Ørsta-området...

    Ja vi skla en tur til Ørsta den første helga i aug. svigers skal feire felles 70-årsdag på Rjåneset på leirstaden der..ellers blir det ikke så mye der i området for oss i år...skal til Frankrike og gler oss...men rusten frister..ja den vil jeg gjerne ha med meg!!!

    SvarSlett
  2. vakkert og tankefullt innlegg..nydelige bilder du deler...ha en vakker kveld videre:),,ps....go bedring foresten

    SvarSlett
  3. Heisann!
    Det er mange tankar ein kan undre seg over i desse dagar, KVIFOR er vel eit av orda som står øvst på lista. Forferdelig trist, meir veit eg ikkje å seie...

    Har du blitt sjuk i sommarvarmen, det var ikkje noko særlig. Du får kose deg med eit ekstra glas te og sjå til å bli frisk att.

    God betring!
    Helsing Tonje

    SvarSlett
  4. Skrevet både varmt og tankevekkende. Det er så vondt, mange ting som skjer oss... Det er sånn at vi ikke klarer å ta innover oss alt som skjer... man må bare sitte ned å takke for hver ny dag, og be Gud styrke de som sørger. Vi har det sånn her også. En ungdom som døde så brått, just tredve år... og en som ligg hardt skadd på sykehus i Tromsø. Jeg tenker... hva om JEG hadde sittet ved MIN sønns seng, uten å vite hva neste time vil bringe. Å, så skjørt og tandert livet er...
    Man undres mange ganger. Eldre mennesker som ligger til sengs i årevis, og som tilsynelatende ikke har noe liv?? skjønt hva vet vi.. de får et laaaangt liv sånn... mens unge går bort.
    Jeg ber hver mårra når jeg står opp..FØR jeg setter beina på golvet.. "Gud sett du sterke engelvinger rundt oss alle idag!" Så får man leve i visshet om at Han er med, ikke utenom alt, men GJENNOM alt!
    Sender en godbedringsklem til Tove, og ønsker en god dag, der du kjenner at du er med å velsigne mange med bloggen din og det du skriver...
    Hils også han som til tider er modell for deg :)

    SvarSlett
  5. Mange tankar når ein hører slike tragiske nyhende. Og ikkje minst - så mykje som har ramma Ørsta og traktene rundt! Kanskje legg ein spesielt merke til det når ein har referansar dit, som deg og fleire av dine medbloggarar i traktene. Hendinga er like trist, men eg vert letta når eg ser at ingen av dei eg "kjenner" er ramma.

    Håpar du frisknar raskt til og får nyta gode sommardagar!

    SvarSlett
  6. Du kan å få sagt det du, Tove. Og med slike nydelege bilete til, med vakker bakgrunn...ja eg kan berre slutte meg til orda dine...

    SvarSlett
  7. Det er så meiningslaust, slike tragedier kan ein aldri finne noko trøystande ord for å lindre.

    Du får ha riktig god bedring, og ta det med ro i ferien din Tove. Du har så mange jern i elden at eg forstår ikkje korleis du klarer det, må passe deg så du ikkje slit deg ut. Kanskje kroppen seier i frå no når du endeleg har ferie, når du endeleg slappar av så kjem det som ein liten smell. Ta no godt vare på deg sjølv og helsa di i ferien:-) Klem

    SvarSlett
  8. Ser deiligt ut med en kveld på verandan og ett glass med gott te.
    Må finne den der sorten....

    Det er merkeligt at lille Örsta skal bli drabba av allt muligt.
    Tenker på dere som bor der. Hvad dere må gå igjenom.

    Håper innerligt at de pårörende får all hjelp og stötte dem kan få.

    Du er så flink og sette ord på vad vi tenker. Det er det eg liker så godt med deg.
    Her hos deg finner eg ro og flotte bilder.
    Er så glad for at du er der.
    Klems Synne.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!