mandag 24. november 2008

Mellom bakkar og berg....

Det var så vakkert i Ørsta i går. Frostrøyken laga trolsk stemning inst i fjorden og sola leika på fjelltoppane.  Kvar gong eg ser Ørsta i sin vakraste skrud, tenkjer eg på Ivar Aasen og teksten han dikta om heimbygda si.

050 

Mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.

048 

Han såg ut på det bårute havet;
der var ruskut å leggja ut på,
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken, den ville han sjå.

 052 051

Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

049

Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
"Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga me rydningen trygt"

- Ivar Aasen -

055

Det var kaldt på småbåthamna. Likevel symde endene  kvilelaust omkring. Synd eg ikkje fekk bilete av dei.

056

Ivar Aasen si heimbygd i bakgrunnen, Hovdebygda.

 062 

Plommetreet sine nakne greiner strekkjer seg lydlaust mot himmelen. Kanskje er det draumen om sommar og sol som held liv i det gjennom ein lang vinter?

Slike dagar må forevigast. Må nytast og settast pris på. Gjennom dagar med slaps, is og sølevèr kan vi drøyme oss attende til den klare og skarpe lufta, og til solstrålar som varmar frosne sjeler.

13 kommentarer:

  1. Nydelege bilete av verdas vakraste heimbygd:)

    SvarSlett
  2. Nydelege bilder, ja. Håpar det vert nokre slike dagar i jula også. (For då er eg der.)

    SvarSlett
  3. Takk for ein fin kommentar. Har vore her hjå deg før, men fyrst i dag la eg merkje til at me har eitt og anna felles. Da å vera adjunkt (har no skifta beite etter 8(10)år i skulen), og det å sitje i formannskap og kommunestyre og vere litt opphengs i politikk :) Likar flotte bilete, og det tek du også :)
    Har ikkje sterke bånd til Ørsta, anna enn at eg gjekk på skule med ei knakande kjekk dame derifrå ein gong for lenge sidan :)

    Ha ein framifrå kveld!
    Britt

    SvarSlett
  4. Fantastisk flotte bilete Tove!
    Dessutan var det godt med litt Ivar Aasen, "Mellom bakkar og berg" er faktisk ein av favorittane til Matias(snart 5år)vi syng den ofte på senga:)
    Forresten kjekt å sjå at det vart "Bya-tur" på deg og Terje, trass i eit forferdeleg snøvêr fredagskvelden... Trur brøytemannskapen jobba på spreng den kvelden.
    Vi var på fotball-julebord den kvelden, og på dei fire timane vi var vekk trur eg det la ned nærare 40cm!
    Ynskjer deg ein fin mandagskveld Tove:)

    SvarSlett
  5. Hei Tove!
    Og tusen takk for hilsen inne hos meg. Så var det ordentlig morsomt å få en hilsen fra Ørsta da. Jeg har vært der på seminar med jobben. Du som er lærer og greier kjenner kanskje noen på Lånekassen der oppe:)
    Nå har jeg sittet litt og lest i bloggen din og sett på alle de flotte bildene. Storkoser meg her inne jeg så jeg legger deg gjerne til blogglista mi hvis jeg får lov:)
    Klem fra Elin!

    SvarSlett
  6. Så nydelige bilder, og nydelig vers (eller sang)! Og så mange flotte skatter i innlegget under også:) Ønsker deg en fin uke, og en flott adventstid! klem fra silje.

    SvarSlett
  7. Fine bilder du har tatt :) Ønsker deg ei herlig veke :) Godklem :)

    SvarSlett
  8. Where Ever this is, it's Beautiful! And it looks Cold!! Stay warm sweetie!hughugs

    SvarSlett
  9. Nydelige bilder=)

    Klem Kerstin

    SvarSlett
  10. Å nå kosa jeg meg!!!!Sitter her med en deilig kopp te og nyter både tekst og bilder :o)

    Ønsker deg en fortsatt fin uke kjære Tove!

    Stor klem fra Vibeke

    SvarSlett
  11. Vakre bilder! Sidan eg budde eit år i Volda, så kjenner meg litt heime i traktene der inne også;)

    SvarSlett
  12. Så nydelig! Utrolig stemningsfullt. Og flott sangtekst til og. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!