At julekjensla kjem snikande for kvar dag som går, er ikkje til å unngå. Og eg let meg rive med. I alle fall litt. Smått og forsiktig. Eg er eigentleg veldig "julete" av meg, men har alltid meint at ein ikkje skal ordne og styre så mykje før ein har runda 1. søndag i advent.
Eg er så smerteleg klar over at tida fram til jul går så frykteleg fort. Og eg veit at det er den mest travle tida i året, både på jobb og heime. Difor har eg i år bestemt meg for å pynte og ordne litt gradvis - for å kome i stemning, for å kunne nyte den gode tida lengst mogleg og kanskje for å unngå kjensla av stress.
Det er godt å kome heim og slappe av når det er litt vinterstemning i heimen. Ein tek ikkje skade av å kose seg litt ekstra i mørketida!
Og apropos mørketid..... Eg fall for fristelsen og kjøpte meg endå ei julestjerne i år. Det er ikkje det at eg ikkje har frå før, men eg trengte faktisk litt fleire. Vi har nemleg ein nyrestaurert fjøs og låve som skal pyntast litt ekstra til jul, så mange av julestjernene vi har hatt før skal hengast opp der.
Du må for all del ikkje tru at huset mitt er fullt av juleting og pynt. Så langt er det berre ei stjerne i glaset og noko vinterpynt på eit fat på spisebordet. Eg likar godt å pynte med konglar. Vi samla nokre i haust og dei har vi litt her og der i huset.
Noko av den finaste julepynten finn vi utandørs. Vi er heldige som har skogen og fjøra i nærleiken, for der finn eg masse inspirasjon til julepynt. Eg er så glad i greiner; både dei nakne og dei vintergrøne. Og både konglar og stein er fine naturelement som er med å lage både vinterstemning og julestemning.
YNSKJER DEG EIN FIN SØNDAG!