onsdag 20. juli 2011

Sommarlukke…♥

Sommarlukke er å tenkje mest på det ein vil gjere og ikkje det ein bør gjere. Det er å ligge langflat på ei bryggje og kaste småstein og kike på sjøstjerner.

IMG_1078 copy

Ungane finn alltid noko å undre seg over. Ser alltid noko dei ikkje har sett før og brukar laaang tid på å studere alt dette spennande. Dei er ikkje til å rikke. Vil ikkje heim. Og det vil ikkje eg heller…♥

IMG_1081

Måkeskrik og tøffande småbåtar er alt vi høyrer. Er det rart ingen vil heim?

IMG_1080 copy

Eldstemann vågar seg heilt ut på kanten. Så godt når ungane er trygge i og nær vatn…

IMG_1090 copy

Bestemor kjem og fortel meir om alt det rare dei ser. Held godt fast i minstesnuppa. Det er ikkje så høgt ned, og når bestemor passar på går alt bra. Tida går, men framleis vil ingen heim. Sola er framleis varm, sjølv om det er kveld.

IMG_1052 copy

Slike dagar lever vi lenge på. Fullstendig fri for og bør, alt vi gjer er vil! Og framleis er det meir sommar….

Håper mine bloggvener landet over nyt gode sommardagar i lag med familie og vener ♥

4 kommentarer:

  1. Herlige sommerbilder!

    SvarSlett
  2. Du har no hatt ein flott utforma blogg før Tove - men eg må sei at denne var enkel og stilrein - både bilder og tekst kjem igrunnen mykje betre fram uten alt anna "stæsj" rundt.....fint var det.
    Og du.....får litt klump i magen når eg ser kor de kosar dokke på båtbrygga "mi"....Der har eg hatt mange gode stunder før i tida....

    Håpar at både de og vi får den skikkelege varme gode sommaren snart - om ikkje anna så berre nokre dagar hadde vore godt:-))

    Klem

    SvarSlett
  3. Kjekt å sjå at ungane kan slappe av og nyte. Ikkje måtte stresse avgarde, men ha masse tid til overs. Skriv du meir på historia du snakka om? God sommar!

    SvarSlett
  4. her oser det sommer og lykke lang vei!
    Så herlig bilder, og flott tekst å lese!

    God sommerkveld til deg!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!