fredag 29. april 2011

Deilig fredagskos…♥

Det er så utruleg vakkert på Sunnmøre for tida!!! Dei lyse og varme kveldane lokkar oss til å tru at det er sommar. Vi har ikkje tid til å vere inne. Alt må gå fort, slik at vi kjem oss ut. I dag hadde vi fort-gjort-middag med ein smak av sommar. Nokre av oss åt inne, nokre ute og eg tok med meg den gode maten i handa medan eg gjekk på besøk til tantegulla på nabotomta!

IMG_8087

I dag var det foccacia med tilbehør som stod på menyen for oss vaksne, medan ungane fekk ein hamburgervariant. Dersom du vil lage deg ein foccacia-blings gjer du slik: Del ein foccaciabit på langs, smør på raud pesto, dekk til med ruccola, legg over godt med skinke, smuldre over fetaost, risle over med olivenolje og litt balsamicoeddik. Det smakar sjølvsagt best om foccaciaen er lun.

IMG_8116

Sidan det var så fint og varmt ute måtte vi rett og slett lage oss ein sommardessert til kvelds.

IMG_8118

Eg har ein nyoppdaga kjærleik for grapefrukt. Det fantastisk smakfulle fruktkjøtet, den litt bitre smaken kombinert med det søte og saftige er rett og slett ein nytelse!

IMG_8119

Vi skar appelsin og grapefrukt i fine båtar, eller filètar, som det vert kalla på fint! Dersom du vil gjere det slik, kan du skjære av alt skalet og så brukar du kniven til å skjære ut filètane. Då slepp du dei litt seige hinnene og det ser litt finare ut på fatet. Dekk fyrst eit fint fat med ruccola eller noko anna grønt du måtte ha tilgjengeleg, legg filètane på toppen og dryss så mandelflak over til slutt. Dei mest modige kan gjeren dyppe filètane i balsamicosirup.

IMG_8128

Alt eg skar vekk frå appenlsina og grapefrukta, vart pressa i sitronpressa mi. Då fekk vi ein nydeleg juice! Det vart ikkje mange dråpane på kvar, men ein dose vitamin og mineral fekk vi nok i oss likevel!

IMG_8071

Då eg tusla rundt ute og rydda opp etter oss, kom eg på at eg måtte fotografere bjørka mi. Eg har nemleg ei ekte Rundebjørk på tunet. Det er ei hengebjørk som foreldra mine har fått på runde, og som eg så har fått med dei. I påska hengte ungane opp ei julekule for å pynte den litt! Jula varer som kjent til påske….

Etter ein strålande dag og kveld er det deilig å sige ned i sofaen og slappe av. Håpar på mange slike dagar med sol og varme!

God helg til alle ♥♥♥

3 kommentarer:

  1. Takk for tips og fine bilete! Er så godt å siga ned i sofaen og kjenna at huda framleis er solvarm etter ein fin dag ute:)

    SvarSlett
  2. Nam, her var det fristelsar for både auge og ganar! Kanskje må eg gi grapefrukta ein sjanse til.. Har liksom ikkje fallt heilt i smak enno. Her i huset er det mango, kiwi, valnøtter, nokre dråpar av ein lime, toppa med kokosyougurth som er favaoritten for tida. Frisk og sommarsleg! God helg!

    SvarSlett
  3. Min kjære lager ein herlig enkel dessert ved å legge grapefruktfilletar til "marinering". Han strør da passe dose heimelaga vaniljesukker over dei etter å ha spredt dei ut i ei ildfast form, så fe dei trekke ein time eller to før dei karamellisera sej lett i ovnen ved 200+ gr ei stund. Servert med litt lettemperert vaniljeis atmed. Annbefalast! :) Akkurat som du sei -ein bittersøt god oppleving

    Håper vi får nyte mange slike dagar som vi er velsigna med no framover :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!