tirsdag 28. desember 2010

Romjulsdagar…

Ein skal ta det litt med ro i romjula. Gjere akkurat det ein har lyst til og leike til sola går ned!

snøfrisk

Vi har hatt så fint vèr i romjula. Sol frå blå himmel kvar einaste dag. Ungane har vore ute på ski og snowboard frå tidleg til seint. Dei bratte bakkane våre er supre til skileik og moro!

snøfrisk1

Eit splitter nytt snowboard måtte testast ut!  Det klarte han med stil!!!

snøfrisk2

Det var ikkje få gongar han trakka seg opp bakkane, berre for så å setje utfor att i stor fart!

Og så er det så godt å kome inn med frostroser i kinna og ein pappa som ventar med kakao…♥♥♥

Frode, hus1 

2 kommentarer:

  1. Deilige dagar! Ja veret er som i ein draum... ein romjulsdraum! Og for eit fint isrosebilete! Ha ein
    fantatisk romjul vidare!

    Romjulsklem

    SvarSlett
  2. Så herleg med kalde, raude kinn og vintersol. Her er det så kaldt at det er kun den eldste som får gå ut. Godt nytt år.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!