fredag 5. november 2010

Sur… ;)

Det er få ingrediensar eg er så glad i som sitron! Anten eg lagar salat, kylling, fisk, dessertar, kald drikke eller heimelaga peeling.

Visste du at om du blandar sukker og sitronsaft til ei litt tjukk “røre”, så har du verdens beste peeling til andletet? Dersom ein har sensitiv hud bør ein styre unna denne, då den kan vere litt for tøff for huda.

sitron1

Du kan også presse safta frå ein sitron og blande med ein kvart kopp olivenolje. Smør dette på huda og slapp av med ei god bok før du vaskar det av! Dette verkar både rensande og mjukgjerande på huda! Og så luktar det så godt…

sitron

Du visste vel at sitron er full av C-vitamin og at antioksidantane styrkjer collagenet i huda slik at den ser fast og sterk ut? Og at om du puttar ei sitronskive i lunka eller kaldt vatn, så verkar det slimløysande?

Kjøp sitron, legg dei i kjøleskapet og la den fantastiske lukta og den herlege smaken fylle helga di! Godt for kropp og sjel! Putt det i maten, smør det på huda eller frisk opp vatnet du skal drikke!

Ynskjer deg ei “sur og sunn” helg!!!

PS! Fleire “sure” råd finn du her.

4 kommentarer:

  1. Veit du at når eg er gravid kjøper eg sitronar i kilovis og spiser dei som dei er. Merkelig fenomen men eg får heilt dilla :)
    Sitron er godt!!!
    Kos deg i helga!
    Klem

    SvarSlett
  2. Å slik sur..
    for du virkar ikkje sur..
    Ja, kanskje sitron skal få bli med heim i morgon..Ikkje dumt!

    God helg!

    SvarSlett
  3. Ønsker deg en fin, fin helg!

    Klem, Trine

    SvarSlett
  4. Hei :) takk for mange gode tips...

    Ha ei flott helg :):)

    Klem fra Evelyn

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!