lørdag 27. november 2010

Skikkeleg, heimelaga taco!

Her i huset har vi aldri vore glade i taco. Vi har ikkje vore storleg begeistra for krydderblandinga og den ferdige salsaen og guacamolen har hatt ein slags plastikksmak, meiner ungane. No har sjølv eg innsett at taco har vorte ein slags nasjonalrett som vi ikkje kan unngå. Men når eg då kryp til korset og diskar opp med meksikansk mat, så vil eg gjerne setje eit ekstra heimelaga preg på det eg serverer. I kveld har vi prøvd ut ymse tacotilbehør, ALT laga frå botnen av.

Fyrst laga vi krydderblandinga:

taco

Oppskrifta har eg lånt frå ei bloggedame som eg er så heldig å ha fått blitt litt kjent med; Trine, som har denne herlege bloggen.

For å lage denne blandinga treng du:

3 ss chilipulver

2,5 ts chiliflak (knuste)

2,5 ts tørka oregano

2 ss spisskummin

2 ss paprikapulver

2,5 ts hvitlaukspulver

1,5-2 ss havsalt

2 ts svart pepar

taco1

Steik 400 g karbonadekjøtdeig og tilsett 1 1/5 ss av krydderblandinga. La krydderet surre i lag med kjøtdeiga slik at alle dei gode smakane vert henta fram. Etter eit par minutt slår du i 0,5 dl vatn.  La det heile putre til vatnet har kokt inn.

Neste post på programmet var å lage tomatsalsa. Eg fann ei basisoppskrift for nokre år sidan, som eg har justert og endra etter behov.

taco2

Dette treng du:

1 raud løk

2 fedd kvitløk

1 ss finhakka chili (m/frø om du vil ha det sterkt)

1 boks hakka, hermetisk tomat

1 ss sukker

1 ss raudvinseddik

2 store klasetomatar, grovhakka

2 ss flatpersille (eller tørka persille)

Fres finhakka kvitløk, chili og raud løk i ca 1/2 minutt. Ha i sukker og kvitvinseddik. Tilsett ei boks hermetisk tomat, kok inn til det tjuknar. Trekk til sides og ha i grovhakka klasetomat og persille. Bland godt og la det stå til du skal bruke det.

taco3 

Eg må innrømme at det var litt nedtur å måtte bruke tørka persille, men fersk persille var faktisk ikkje å oppdrive i Ørsta-butikkane i dag!

Eit anna viktig tilbehør til meksikansk mat er guacamole. Det er superenkelt å lage og smakar fantastisk godt!

taco4

Hovedingrediensen i guacamole er avocado. Visste du at avocado er den frukta som har høgast fiberinnhald, og at den har 60% høgare kaliuminnhald enn banan?

taco5

Ein annan viktig ingrediens er lime. Den gir ein syrlig og krydderaktig smak til guacamolen.  Slik lagar du ein enkel guacamole:

1-2 fekk kvitløk

1 passe stor sjalottløk

2 avocado (“spisemodne”)

saft frå ein lime

salt og pepar

Køyr kvitløk og sjalottløk i ein foodprosessor (eller finhakk). Tilsett litt limesaft og ha i avocadokjøtet. Køyr det heile til ei fin blanding og tilsett resten av limesafta. Det går heilt fint om ein har litt bitar av avocadokjøt i guacamolen, det er berre fint med ulike teksturar! Smak til med salt og pepar. Dekk med plastfolie til du serverer.

Oppskrifta på guacamole har eg lånt frå denne strålande matbloggen (dama bak bloggen er også eit nystifta bekjentskap!!!)

Eit lite tips:

taco6

Dersom du har sterke pappahender i heimen, kan dei godt få lov til å rulle lime! Dette gjer vi for at det skal vere lettare å skvise ut safta! Dersom pappahendene ikkje er til stades, rullar eg dei hardt på benken.

taco7

Guacamolen var siste tacotilbehøret eg presenterte i dag.  Om to veker skal eg lage tacomiddag til ei venninne og hennar fire barn. Det skal bli spennande å sjå om dei likar best min heimelaga, sunne variant utan e-stoff, eller om det er butikk-krydder, salsa på glas og guacamole på boks som vert vinnaren…

Heimelaga tacokrydder på fin glas med fine merkelappar er forresten ein super julegåveidè!!!

Tør du å prøve deg på heimelaga tacokrydder og tacotilbehør? Her i huset vart det i allefall SVÆRT godt motteke!!!

God laurdagskveld til alle!

8 kommentarer:

  1. Dette kjære Tove skal jeg definitivt prøve:)

    SvarSlett
  2. Du og du kor kjekt! Eg er heller ikkje begeistra for dei ferdige taco ingrediensane du får kjøpt i butikken. Såg Lise Finkenhagen for ei stund tilbake laga krydderblanding ala dette, men fekk ikkje med meg oppskrifta.. Og no fann eg det fiks ferdig her hjå deg.:) Tusen tusen takk! Dette skal eg prøve neste fredag!
    God helg til deg!

    SvarSlett
  3. Tusen takk for du delte dette! Dette trur eg må prøvast ved neste tacohøve!!

    SvarSlett
  4. Mykje bra her Tove - eg og elskar Taco, men har heile tida hatt min eigen variant. Hatar sterk mat så eg lagar "Norsk" Taco. Kjøtdeig med berre litt krydder, grøn salat, rømme og riven ost - alt dette i tortillaløfser.

    Kjempegodt;-))

    SvarSlett
  5. Supert! Dette skal eg prøve! Fekk litt assosiasjonar til Mofongo, sjølv om det strengt tatt ikkje var meksikansk mat dei laga der:) Eg påstår til veslejenta, mi som er svoren taco-tilhengar, at krydderblandinga luktar svette, så skal bli kjekt å prøve sjølvblanda krydder.
    Det som no står igjen er å finne ei oppskrift på tortillaene, sidan eg helst ikkje skal ha ting som er laga av kvitt mjøl.

    SvarSlett
  6. En ting er ihvertfall sikkert: Hjemmelaget guacamole blir aldri feil! Kan brukes til det meste :) Takk for oppskrifter, og ha en fin førjulstid:)

    SvarSlett
  7. Nam nam, vi har også hatt taco i det siste. Dette ser kjempegodt ut!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!