søndag 22. august 2010

Når det gryr av dag…

Sakte, sakte lettar skodda. Utan å lage lyd, utan å uroe. Den kryp opp over fjellsidene, og den spennande kontrasten mellom det dunkle lyset og den skarpe sola er utruleg fascinerande.

IMG_4071

Slike morgonar er som skapt for tur. Skapt for glede.

Små og store tek beina fatt og traskar seg gjennom doggvått gras og nyt lukta av dampande skog.

IMG_4093

Så mykje å under seg over. “Sjå, mamma! Ein dråpe!”. Vi må studere, lukte litt og prøve å finne ut kvifor dråpen berre heng der. “Dett den ikkje ned, mamma?”.

IMG_4076

Dei minste føtene stoppar både her og der. Luktar. Sansar. Smakar. Ei humle på ein tistel vert nøye studert.

IMG_4095

Blåklokkene har falma litt og er ikkje lenger like blå. Men framleis like vakre der dei dansar lett når vinden stryk over dei struttande kronblada.

“Vesle vakre blåklokke,

fri for snø og is.Yr av glede dansar du

i ditt paradis.

Kven har pusta liv i deg

Kven har farga kjolen blå?

Sei meg vesle blåklokke,

kvar kjem du ifrå?”

IMG_4097

Målet for turen nærmar seg, men spørsmåla held fram. “Mamma, veit du at vi kan ete blåklokker? Veit du at dette er ein firkløver vil bringe deg lukke? Veit du at det kanskje bur ein rev under den rota? Kvifor er nokre blåbær modne og andre ikkje? Kven har laga råsa vi går på? Kvifor luktar skogen så godt?”

Det er så ein knapt kan svare på alt…

IMG_4100

Vel framme ved målet seg vi oss rett ned på kvilesteinen og pustar ut. Temperaturen har stige betrakteleg og den tjukke skodda er vekk. Sola kitlar meg medan eg prøver å fordøye alle inntrykk.Det er utruleg kor mykje glede ein kan ha av ein kort, liten tur opp nokre bakkar, over ei elv og gjennom ein skog.

Fantastisk å sjå alt det vakre og undre seg ilag med ungane over kor eineståande naturen er.

Nyt søndagen der du er!

Diktet om blåklokka er skrive av Haldis Reigstad og er henta frå diktboka “Undring”.

4 kommentarer:

  1. Nydelig, både skildringa, diktet, og bildene :) Takk for at du delte med oss!

    SvarSlett
  2. Så vakkert!
    seier som Mamma Sol: Takk for at du delte!!
    PS: du er SÅ god til åt a flotte bilete :-)

    SvarSlett
  3. Nydelig innlegg.
    Fikk lyst til å ta med meg kameraet ut på tur med en eneste gang :-)

    SvarSlett
  4. Nydeleg innlegg Tove :o) Og tusen takk for koseleg tilbakemelding. Fortsetter trimminga mi eg, kvar einaste dag :o) Vore bloggstopp her i nokre mnd, men føler eg er klar igjen. Stort smil frå meg

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!