onsdag 3. juni 2009

...om å sjå det positive.

Siste kvelden i pinsa var eg ute seint om kvelden og tok dette biletet.

006

Vi hadde hatt så deilige pinsedagar og den vakre kveldshimmelen gav meg forhåpningar om meir sol og varme.

Slik vart det ikkje. Morgonen etter vakna vil til meldingar om snø heilt ned til 600 moh, lave temperaturar og vindretning som aldri har med seg noko godt. Vi hadde tre alternativ:

  • sutre over det kjølige vèret og få ein dårleg start på dagen og veka
  • forhalde oss til opplysningane og leite fram ullklea
  • velge å sjå det positive i situasjonen

002

Som den optimisten eg er (og som eg prøver å lære ungane mine til å vere), så valgte vi sjølvsagt siste alternativet! Det var ikkej vanskeleg å sjå det positive med alt regnet:

  • det blir mindre pollen i lufta og vi slepp rennande naser og auger
  • det blir ekstra godt å kome heim frå fotballtrening og ta seg ein varm dusj
  • ein kan gjere kjedelege inne-ting utan dårleg samvit for at ein ikkje er ute
  • ein slepp å vaske bilen fordi alt støvet renn av utan at eg treng å løfte ein finger
  • vassmagasina til kraftverka får kjærkome påfyll
  • regnet får det til å lukte så friskt ute
  • ein slepp å vatne alle uteplantene
  • graset gror og bøndene får gode avlingar
  • vi kan sløve i sofaen og lese om Karsten og Petra
  • det gir framleis meining å strikke ullgensar til minstesnuppa
  • det er kald og godt på soveromet om kvelden
  • lyden av regndråpar på ruta får meg til å sovne fort
  • neste morgon vaknar eg akkurat like full av håp om at det skal verte sol

Når naturen slår vrangsida til og let det regne i strie straumar, då prøvar eg å sjå regnbogen.

regnbue

Då prøvar eg desperat å finne positive haldepunkt som sender regnet i skammekroken!

regn4

Prøver å sjå kor vakre blomane er når regndropane klamrar seg fast.

regn6

Prøver å tenkje på kor deilig det må vere for syrinblomane å verte svøypte i kjøleg og beroligande regn.

regn10

Prøver å sjå alle dei vakre formene i vatnet. Tenk at ein einaste liten regndråpe kan lage så vakre og perfekte ringar!!!

Det er om å gjere å sjå det positive - uansett!!!

15 kommentarer:

  1. Hei igjen !

    Helt enig, jeg - det er mulig å se det positive i det meste, hvis man legger godsida til !

    Kjempefine bilder , du !

    SvarSlett
  2. Du har heilt rett! >Dessutan så gjev nordavinden oss fint ver, om enn so kaldt. Og tulipanane mine har ste fine og ranke heilt til no...hadde dei aldri gjort om det var varmare...hehe :)

    Klem!

    SvarSlett
  3. Sååååå flott innlegg, og hører deg snakke når jeg leser...:))

    SvarSlett
  4. iallefall vi bønder ;)
    Som aldri blir heilt fornøyd med været - men godt va det iallefall at dyra sto inne i verste snøkaven
    Smil fra monika

    SvarSlett
  5. Det er sant, livet blir me lettere når en prøver å se positivt på ting. Ikke alltid like lett, men det er en god ting å øve på :)

    SvarSlett
  6. Kjempe bra at du minner oss!
    Og etter regn kjem sol, ikkje sant... ;-)
    mvh sig

    SvarSlett
  7. Nydelig innlegg.
    Nydelige bilder du ha tatt.
    Hvis man ikkje har vanlige kvardagar med regn og kulde klarer mean ikkje å glede seg så mykje over dei fine med sol og varme.
    Det er godt å ha nokre innedagar også. hos oss er det 9 grader i dag, og vi skal vere inne og steike vaffler etter skulen. Kose oss:)
    Ha en fin dag Tove!
    Klem

    SvarSlett
  8. Supert innlegg Tove!!
    AKuurat det med pollen og inneaktiviteter tenkte jeg også på i dag morges;)
    Jeg tar på meg sandalene i dag, og går ut med sol i blikket jeg....så kommer nok sola på himmelen snart også:))

    SvarSlett
  9. volda-tausa4/6/09 14:11

    No klarte du å snu humøret mitt litt :) takk! Kos deg i regnet, og som ordtaket seier; etter regn så kjem sol. Akkurat no er det faktisk sol her i Volda, enn så lenge, men får nyte medan den er her! Ha ein flott dag!

    SvarSlett
  10. POSITIVE TOVE, du får en oppmuntringsklem fra meg som takk for din positive innstilling til regnet.
    Sånn MÅ vi nordlendinger leve ofte.. :) vi som har kort sommer, lang vinter, mye nordligvær og mange regnværsdager... men som er patrioter.
    God ettermiddagsklem til lisjesnuppa, dokka og tell mamma Tove!

    SvarSlett
  11. Hehe! Hvor god og positiv er du?!! Hihi. Så bra altså!!!!
    Ja, dette trenger vi alle å øve på. Vi kan like godt gjøre det skikkelig bra med det vi har istedet for å ligge å ergre seg!

    Helt enig med deg. Se det positive i det meste!!

    Klem fra L-jo

    SvarSlett
  12. Så sant så sant....flott at du er så positiv;)
    Klem fra Maja

    SvarSlett
  13. Bra innstilling, Tove! Eit anna alternativ er å flytte til Oslo, det var min utveg... ;-)

    SvarSlett
  14. Du er flink til å sjå det positive, takk for at du delte ord og tanker. Nydelige bilder :)

    SvarSlett
  15. Hei i natta.
    For ett flott inlegg. Leser det med stor glede. Eg er nok litt rar trur eg, for eg elsker regn....
    Flotte bilder er det og.
    Nydeligt.
    Klems Synne.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!