søndag 31. mai 2009

Kor godt kan ein ha det, eigentleg???

Tenk å ha så utruleg deilige dagar!!! I går var det pinseafta, og vi kosa oss så godt vi berre kunne! Sjølv om minstesnuppa ikkje hadde vore heilt i form, var ho i form nok til ein fjøretur.

017010

Å tusle i fjøresteinane er noko av det kjekkast som finnast!

031

Mamma sitt lille gull!!!

034

033

Frøken midtimellom kosar seg med melon.....

058

... medan eldstemann jobbar intenst for å få til land båten sin!

053

Sina og søskenbarn F har laga klart plaskevatn til krabber....

032

... medan syskenbarn S er sendt ut på krabbejakt! Det er alltid den minste som får dei verste jobbane...

081

David og Goliat!!! Det er klart ein lyt bade når det er sol på pinseafta! Skal tru kven som vart fyrst???

102

Til kveld grilla vi og kosa oss med god mat heilt til sola gjekk ned!

110

Frøken midtimellom var trøytt av all badinga og sovna før maten var klar, medan minstesnuppa (som burde ha sove) var oppe og underheldt oss med all verdens ablegøyer!

I dag har vi vore og grilla heime med nokre vener - tusen takk, Gry og Frode, for fantastisk mat! Eg hadde ikkje med meg fotoapparat til å forevige begivenheita, noko som var svært synd! Då skulle eg i så tilfelle ha tatt bilete av vesle Maren, på nesten tre år, som trippa rundt i raude flamencosko med raude prikkar - og høge hælar!!! Ho trippa rundt som om ho aldri skulle ha gjort anna!

Eg ynskjer alle ei fortsatt god pinse! Sjølv skal eg tilbringe morgondagen på eit varmt kontor på jobb, bak ein diger tentamensbunke....

9 kommentarer:

  1. HERLIGHET, FOR EN FLOTT DAG....
    AT DU ER TAKKNEMLIG ER LETT Å FORSTÅ.....

    god nattklem fra Nunne.

    SvarSlett
  2. Det såg herleg ut, ja!

    Me har ikkje fjøre slik de har, men me kunne nok vore flinkare til å teke turen ned i vasskanten likevel.

    Sina såg ut som ho storkoste seg, sjølv om formen ikkje var heilt på topp :)

    lukke til med eksamensbunken imorgon!

    SvarSlett
  3. Ja, så godt kan ein faktisk ha det :o) Ikkje så mykje kos på oss når Bonden jobbar...men litt har det vorte på oss også ;o)

    Me må berre fortsette å nyte desse deilige dagene og håpe det vert maaaange av dei i år! Bading, hageliv og grilling...I love it :o)

    Ha fortsatt god Pinse

    Mvh Tonje

    SvarSlett
  4. Nei, stort bedre enn dette går det vel ikkje an å ha det.
    Nydelege bilder.

    Lykke til med eksamensoppgavene imorgon.

    Fortsatt god pinse.

    Mvh Laila

    SvarSlett
  5. O, lykke :-) Bortsett frå tentamensbunken.... passar godt med litt skodde frå fjell til fjøre!

    Ha ein fin dag likevel ;-)

    SvarSlett
  6. Heisann og god pinse;)..du har en flott billedserie..(må få kameraet mitt opp å gå...)flott tekst,å æ skjønna akkurat kordan du har det....en vakker dag med deg og dine...

    SvarSlett
  7. Det har vore ei flott pinsehelg ja!
    Ser ut som om de har kosa dykk både små og store!

    Får håpe det ikkje blir så alt for ille å i sitte inne å rette tentamensoppgåver :)

    Snart har du fleire veker med sumarferie!

    SvarSlett
  8. Å så herlig med tur i fjæra. Det savner jeg virkelig av og til. En tur ved Mjøsa er flott det også, men ikke helt det samme. Nå har det imidlertid kommet masse måker hit, så lyden er der.

    Håper det går raskt unna med tentamens-rettinga... Lykke til.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!