Etter noker sveip rundt i Blogglandia, kan eg lett konstantere det: eg er ei sinke. Eg er treig, ustrukturert og akterutsegla.
Det er ikkje mykje heime hos meg som minner om påske. Eit gult påskelys innkjøpt på Kiwi står inst i eit skap. Dersom eg kjem på det kan det hende eg leitar det fram til palmehelga. Eg burde sikkert ha planlagt betre. Vore tidlegare ute. Kanskje endåtil ha kjøpt påskepynt på sal i fjor. Men eg må melde pass på alle punkt.
For meg er påska heilt annleis enn jula. Då startar eg planlegginga i oktober, innkjøpa i november og pyntinga tidleg i desember. Men ein påskepyntar er eg alstå ikkje.
Det er ikkje fritt for at eg kjenner eit stikk av misunning når eg klikkar meg innom alle desse vakre påskeheimane. Greiner med pynt i kvar ei krå, kyllingar og egg i alle variantar, harepusar og kaniner. Det vesle stikket slepp ganske fort taket. Eg er bekvem med min pyntestil og mine tradisjonar, samstundes som eg har stor respekt for andre sine òg!
Hos oss skal påskehøgtida fyllast med god mat, kvalitetstid ilag med familien, lange turar, seine kveldar og late morgonar, krim, kryssord, god sjokolade, appelsiner og kvardagar utan stress. Slik er vel påska for dei fleste.
Ikkje stikk vi hòl i egga og bles ut innhaldet heller. Gromguten er allergisk mot egg, så visse påskeaktivitetar hoppar vi elegant over her i huset. Finaste påskepynten vår er greiner som vi plukkar ute. Dei er like fine utan egg som med egg!
Det skal nok bli påske hos meg òg. Når helgefreden senkar seg over huset på palmelaurdag, vil ein nok sjå at det er påske i min heim òg. Egga vi alltid har pynta med er på plass, pynten som ungane har laga står på stasplass i stova og stearinlysa skin i kvar ei krå.
Tusen takk til alle bloggarane der ute som inspirerer meg! Takk for at de opnar heimane dykkar og minner meg på at det snart er på tide å koste støv av egga og hønemor!
Bileta er lånte på flickr.com.