lørdag 20. desember 2008

Kunst frå barnehand...

Lat meg få introdusere deg for den minste kunstnaren i familien! Ho er så glad i å teikne, og aller helst med tusj - noko som ikkje er det aller luraste.... I dag gjekk ho igong med nye prosjekt, innsatsviljen var det ingenting å seie på!

 031

Å vere kunstnar byd på praktiske utfordringar for små barnehender, som for eksempel å sette toppa på tusjen. Ein må prøve seg fram så godt ein kan....

032

.... men kanskje ikkje slik???

028

Sånn, ja - slik skal det gjerast!!!  Eit triumferande sigerssmil stadfestar stoltheita. Sjå det herleg, skitne barneandletet! I dag var ho så ivrig at ho hoppa rett frå frukostbordet og til teiknebordet, framleis med makrell i tomat- restar på kinna! Slikt kan ikkje in kunstnar bry seg om...

034 035

Det er ikkje mykje ein klarer å uttrykkje munnleg når ein er 1 1/2 år, men her klarte vi å forstå at det var ein "tokketokk" ho teikna (båt). Det blå var sjølvsagt bølgene.

036

Til høgre i biletet teikna ho dette vesenet. Eit julemammahjerte ser sjølvsagt at dette er ein engel! Du ser vel vengane??? Dei raude flekkane øverst i biletet er makrell i tomat, for englar også et vel det???

Like sjarmert vart eg ikkje då eg kom heim frå møte ein kveld. Rett bak enden på sofaen openberra det seg eit kreativt veggmåleri....

010 

Her hadde altså vesle Sina vore på ferde med tusjane sine igjen.... Mor i huset vart ikkje særleg begeistra, då eg slettest ikkje likte å få rota til dei nyvaska stoveveggane. Sina meinte nok at dette var det perfekte lerret for eit aldri så lite veggmåleri, og dermed vart det slik! Far i huset gliste stolt og meinte det var stas å ha kunst som ingen andre har maken til! Då den vesle kunstnaren triumferande sprang inn i stova neste morgon og viste meg praktverket, smelta eg sjølvsagt.... Men vekk skal det! Her er det berre å leite fram skuremiddel og setje i gong... Eg er diverre stygt redd for at eg kan vente meg meir kunst frå dette hald, på både tenkjelege og utenkjelege stadar - sukk......

Ha ein strålande laurdag - her vert det stadig meir jul!

10 kommentarer:

  1. Det var jammen flotte kunstverk frå kunstnarspiren. makrell i tomat på engleteikninga er berre sjarmerande det (sjølv om lukta ikkje er like sjarmerande.

    har hatt diverse kunstverk rundt omkring på veggane her i huset også, det er sjølvsagt sjarmerande, men ikkje atlltid like kjekt å få dei på ein vegg eller dør.

    I januar skal Benedicte begynne i barnehage saman med Sina, skal sjå det dei blir veninner desse to prinsessene våra.

    Ha ei fortsatt hektisk og kjekk førjulstid

    SvarSlett
  2. Du skal sjå ho blir ein skikkeleg "tagger" når ho veks til. Tidleg krøkast, veit du :-)

    Lykke til med skrubbinga. Flaks ho ikkje brukte kulepenn, då hadde du kanskje vore nøydd å leite fram sandpapir også....

    Ha ei retteleg god juleferie :-D

    SvarSlett
  3. Å så lyst jeg fikk til å styrte hjem til deg, legge meg ned på golvet, og være barnslig lenge!!!

    SvarSlett
  4. Hei!

    mmm flotte bilder.. likte faktisk veldig godt det på veggen også.. klarte ikkje heilt å bestemme meg om det var ein blomst eller en engel det og!??!

    Døtre mi gjekk laus på møblar og veggar med eit stempel i si tid som veggmalar... huff.. det gjekk ikkje vekk!!
    Ein anna gong hadde ho teikna rundt fingrane (på veggen på kjøkkenet) og skreve første bokstaven sin inni.. MEN nekta for at ho var syndaren!! hehe.. dei er no bra god også! :-)

    Monica

    SvarSlett
  5. Hei, jeg har også en som har satt sine avtrykk på dørkarmene hos meg.."sukk"..
    Men jeg anbefaler å viskelær før du vasker med vann og såpe!!
    Viskelær får bort mye, der hvor såpe og vann ofte bare "drar" streken mer utover.
    Lykke til :o)

    Hilsen Kort&Søm

    SvarSlett
  6. Upsann - dette var fine kunstverk - men det er vel kjekkere på ark, enn på vegger :-)

    Har noen vi og her i huset - som ikkje går bort :(
    Og det var ingen som hadde gjort det, men det er vel litt av sjarmen med å ha små kunstnerspirer i huset -

    MEN da vi måla om soverommet vårt i vår - var det eg som tegna hjerte på veggen - MED MÅLING
    Syntes det vart så fint -- men veit ikkje heilt om mannen i huset vart heilt enig i mors hjertekunst :)
    No er veggen kvit - men ser ein etter synes hjertet mitt under måling - jaja
    Ein har det ikkje meir artig enn det ein lager selv - iallefall neste
    Smil fra monika

    SvarSlett
  7. Se så koselig og fint ei barnehand kan være...sukkersøtt...
    ha ei god helg du også..

    SvarSlett
  8. Ho er ein kjempe flink kunstnar :) Litt kjedelig når veggane vert brukt som lerret da...

    Ønska deg og dine ei fin advent helg.
    Klem

    SvarSlett
  9. Hei! GJØYM ALLE SPRIT-TUSJAR!!! Heile loftet våra bærer preg av tjukk,raud sprit-tusj, på alt! Kunstverket til Tina 1 1/2 år den gong...... var ikkje særleg festleg då, "men tida leger alle sår"sjølv om sprit-tusjen består....! god jul til deg og alle dine! Eva.

    SvarSlett
  10. En flink liten kunstner må eg si.
    Klar det var en båt og ett julemannahjertehun hadde teikna.
    Vad månde det bli av denne lille damen.
    Skjönner deremot at det ikkke var så greit med teikningen på stove veggen.
    Håper du fikk den bort.
    Ha nå en flott fjerde advent.
    Klems Synne.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!