søndag 23. november 2008

Så stygt at det er vakkert???

Dersom du lurer på kvifor det har vore så stille på bloggen min siste dagane.....

026

... så er det fordi eg og husbonden har vore her! Vi måtte unne oss eit aldri så lite julebord, berre vi to! Ålesund fascinerer kanskje mange med Jugendarkitektur, men det er andre ting som fangar merksemda mi. Det representerer kanskje den styggaste delen av byen, der alle verfta og hamnene ligg. Ikkje akkurat byen si solside, men i fleire hundre år har her vore hektisk aktivitet. Hamnene har alltid vore eit eldorado for yrande folkeliv; båtar frå framande strender, varer som bytta eigar, eksotiske språk blanda med klingande Ålesundsdialekt.

I dag tok vi turen til ein verkstad som reparerer trålutstyr for båtar.

038

Eit eldorado for oss som likar det som er så stygt at det faktisk er vakkert!

028 029

Fantastisk mønster... Nesten som mosaikk???

030 031

Trålposar og trålkuler. Eine trålposen hadde mønster som den vakraste hekladuk... - rart???

035 036

Desse tromlane fører tankane mine til varmare strender. "Oliveira" - noko italiensk over det???

039 033

Veit ikkje kva som er styggast - dei tome tromlane eller husa i bakgrunnen???

040 

Meter på meter med wire.

034  037

Desse lekkjene av gamle hjullastardekk ligg på botnen og hindrar trålposane i å feste seg fast. Fire gamle tråldører tronar i bakgrunnen.

046

Denne gamle muren frå æra av å avslutte fotosafarien min.  "GH 1969" har etterlete seg evige spor; frå ei spennande fortid til ei ukjend framtid!

Håper desse bileta får deg til å tenkje på å sjå det store i det små, og

at alt har noko vakkert i seg!

6 kommentarer:

  1. Hei! Artig å sjå byen frå denne sida også, og bilda er vakre dei:)

    SvarSlett
  2. Så fantastisk flotte bilder! Inntrykket bel forsterket av sort/hvitt!! Du er fantastisk altså. klem

    SvarSlett
  3. Høres deilig ut med julebord for to=) Kosleig å gjøre slike ting sammen=) Nydelig by du viser frem Har vært der en gang for mange år siden , men kunne gjerne besøkt den igjen=)

    Ønsker deg en fin uke !
    Klem Kerstin

    SvarSlett
  4. Koselig med julebord....ja plasseringa...hm...joda vi fikk bronse i vår gruppe... Veldig fornøyd var vi. Skal melde oss på en konkuranse i italia til neste høst....morro

    SvarSlett
  5. DU har iallefall den evnen!!! Håper dere har kost dere skikkelig, superviktig å bare være litt kjærester innimellom!!Klem

    SvarSlett
  6. Så morsomt. Min mann er fra Ålesund og sammen driv vi med kjøp og salg av fisk, her på Østlandet. (Henriksen Tare Mare). Mesteparten av fisken vi forhandler kommer selvfølgelig i fra Ålesund. Jeg har vært mye i Ålesund men aldrig på kaia. Det burde er jo...

    Nå skal jeg lage et hjerte-innlegg til Molly. Takk for at du hjalp oss å hjelpe.

    Ha en flott dag

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!