onsdag 10. september 2008

...om å takke ja til ei utfordring!

 Eg har fått ei utfordring med Anna Lisa og denne skal eg no etter beste evne prøve å svare på! Det gjeld å finne seks ting som gjer meg glad. I utgangspunktet er dette ei lett oppgåve, men kvifor har eg då brukt så mykje tid på å finne seks ting??? Konklusjonen min er at eg faktisk har så utruleg mykje godt i livet mitt, at det er vanskeleg å plukke ut berre seks. Dette er inga "Topp 6"-liste, men seks ting på ei undeleg lang liste, i uprioritert rekkefylgje!

haust4

1. Haust!

Å puste inn klar luft, å rusle langs ein veg og sjå haustblada som dalar ned og legg seg som eit teppe på bakken, å kroe seg i sofane med eit godt teppe, stearinlys og ein god kopp te, å hauste inn alle gåvene naturen gir oss denne årstida.

Ungane mine

2. Ungane mine!

Ikkje noko gir meg meir glede enn ungane mine! Desse deilige, små barnehendene som knugar seg rundt halsen min for å søke trøyst eller spreie glede. Dei fyller livet mitt med rikdom og kjærleik i bøtter og spann!

Tid for to2

3. Min kjære Terje!

Utan han er eg ingenting. Ilag med han er eg alt.

strand

4. Å få vere ute!

Eg er glad når eg får vere ute i naturen. Særleg er eg glad i å vere nær sjøen. Ingenting er som å sitje på ein stein i fjøra, eller rusla langs ei strand og høyre bølgjene bryte. Når heile famillien min i tillegg tuslar rundt meg, er det gleda fullkomen!

reise

5. Reise!

Noko av det kjekkaste eg veit, er å reise! Eg har heldigvis fått sett ein heil del av verda, men mykje ligg framleis og ventar på meg. Så kofferten er aldri langt unna....

 

matlaging

6. Matlaging!

Eg elskar å lage mat, og vert glad kvar gong eg får høve til å diske opp og lage mat - dess fleire gjestar, dess betre! Kylling er noko av det eg likar aller best å eksperimentere med. Og så vert eg så glad når folk set pris på maten eg lagar! Det er kanskje den aller største gleda...

No vonar eg andre grip utfordringa!

4 kommentarer:

  1. Artig å lese om dine glade ting
    Smil

    SvarSlett
  2. For en herlig holdning!
    Ja, det er faktisk mye å glede seg over og takk for det :)

    Vi har blogget om samme bilde, har samme navn og jaggu meg bor ikke broren til eddisen din utenfor inngangsdøren vår. Og jeg som hadde tenkt å blogge om han i morgen... Ja, ja kansje jeg bare kan kopiere ditt innlegg, legge til mine bilder og spare meg en haug med arbeid. Ha, ha, ha!

    Så du skal på Studio Slettvoll altså... Har du vert der før? Hvis ikke, så stålsett deg. Det er usannsynlig flott, lekkert, fristende, på grensen til usmakelig i sin smakelighet og hjerteskjærende kostelig. I'm in love!

    Flott blogg du har forresten, jeg kommer plutselig tilbake på uanmeldt besøk så hold kaffen klar til enhver tid!
    Smil!

    SvarSlett
  3. Kniser høyt her.
    Broren til eddisen MIN finner du her:
    http://tovehd.blogspot.com/2008/09/dansande-edderkopp.html

    Altså, min eddis er broren til din. Skjønner du?
    Eller var det Eddi Eidsvåg du trodde jeg mente kansje... Og at Bjørn satt på trappa mi og sang "Vertigo, vertigo...." og ventet på nybakte boller fra Eddi?


    Ha, ha, ha, nei nå er jeg overtrøtt her.
    Tusler meg stille til sengs tror jeg....

    SvarSlett
  4. Hei!
    Du har en fantastisk inspirerende blogg, og er en kunstner både i bilder og med ord! Tusen takk for at vi andre kan snuse rundt her og kose oss! Klem.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!