søndag 14. september 2008

...om snøbær, underlege skapningar og sterke scener

Tenkte eg måtte dele nokre augeblikk  frå morgonturen min. Kameraet er sjølvsagt med!

027  

031  024

Dei heiter kanskje ikkje snøbær på ekte, men det er det vi kallar dei her i huset. Buskene i seg sjølv imponerer meg ikkje, men når eg går nær og kikar på bæra åleine, let eg meg fascinere!

020 021

026

Så var det desse underlege skapningane som det kryr av for tida.... Dei har vore på husveggen vår i omlag ei veke no, i tusental!!! Dei er sjølvsagt heilt harmlause, men eg er vel kanskje mest freista til å koste dei vekk. Et åtvara mot sterke scener, som de ser..... Har ikkje samvit til å sveipe dei vekk med kosten når dei held på med viktige oppgåver, men eg trur likevel eg skal skride til verket i kveld. Dei får finne seg ein annan vegg å reprodusere på!

034

Det har ikkje regna i natt. Likevel er alt vått og graset fullt av herlege doggdråpar.

035

Godt gøymt under gras og strå, låg noko som vekte merksemda mi. Ei rusten kjetting som nokon har slengt ifrå seg. Skal tru kva den har vore brukt til?

036

Det er ikkje tvil om at sommaren er over for denne gong. Eg har plukka inn mine siste roser, no er desse visne blada alt som heng att.

2 kommentarer:

  1. Heia - fine tur du har hatt på morgenkvisten - har vert ute med kamera eg og - faktisk så har det vert nesten ned mot null grader i natt - og mange fine " isroser
    "
    Den linken du sende meg - er eg påmeldt og vi stither ei mønster kvar mnd. det er berre eg som ikkje er så flinke til å legge ut bilder - kommer ikkje på ta med kamera inn på syrommet - rart, men slik er det berre :)

    Se på denne linken her - denne veska er knall fine http://www.lappestua.no/
    Ei veninne av meg som har laga mønstret

    Smil fra monika

    SvarSlett
  2. Trur ej he nokre sånne dyr på et glas, anno ca. 1990, ihjeldynka med hårspray og pynta med glitter, i håp om å vare til ej og han Terje vart 80 år...
    Mon tru om dei framleis ligge bak den hemmelige fjøla i mor Sylvi si matbud?? Ida og Johan fe sjekke... :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!