fredag 11. juli 2008

Krise - eg treng hjelp frå ein kokk, gjerne tyrkisk!!!

Eg elskar brokkoli! Av alle grønsaker eg kjenner til, er dette favoritten. Då vi var i Tyrkia i sommar fekk vi servert eit ekte tyrkisk måltid med svært mange rettar. Det var grilla mat med salatar av alle slag, bl.a. verdens beste brokkoli. Ikkje det at eg trur brokkolien i seg sjølv er betre enn den vi får i Noreg, men måten den var tilberedd på var heilt unik. No vil eg prøve å lage denne retten sjølv (som eigentleg er eit tilbehør), men veit ikkje heilt korleis eg skal gjere det. Prøvde sjølvsagt å spørre kokken på hotellet, men han forstod ikkje engelsk - så der var det lite hjelp å få (eller kanksje han berre ville halde det hemmeleg...)

Etter smaken å dømme inneheld den i allefall desse ingrediensane: olje, kvitlauk og eddik. Desse ingrediensane var som ein marinade som brokkolien låg i. Trur brokkolien var delvis kokt (særs al dente), og deretter lagt i denne marinaden.

No frir eg altså til lesarar av bloggen min, kanskje nokon der ute kjenner nokon som kjenner nokon osv....! Har fortvilt leita på internett utan å lukkast.

KAN NOKON HJELPE MEG, SKAL TRU???

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!