Det er morsdag i dag, og ute skin sola frå skyfri himmel! Ingen kan fortelje meg at det nokon stad vakrare finst!
Ei kjenner seg priviligert som får bu så landleg og flott! Dei fyrste snøklokkene kikar fram og lokkar små barnehander! Inne prydar blomane alle glaskarmar og bord!Vårstemning på spisebordet! Eg hadde klubb med damene her ein dag, og då prisa vi våren med rosa blomar. Kven har vel så flott utsikt frå leikeplassen sin? Johan og Ida kosar seg i formiddagssola!
No gler vi oss til at våren skal setje inn for fullt! Vi har utstyrt oss med fuglebok og er klare til å setje namn på alle fuglane som besøkjer fuglebrettet vårt.
Dette er nesten ikkje til å halde ut å sjå på!!!! Her på Eidsvoll slit vi med deprimerande mykje snø, -7 grader, is overalt der du har tenkt å setje føtene og ALT for lengje til våren. Ja, vi lengtar heim til Ørsta!!!
SvarSlett