fredag 29. februar 2008

Verdens beste kjøtbollar!

Å lage kjøtbollar er noko av det kjekkaste Ida veit! Oppskrifta består stort sett av det ein til ei kvar tid måtte ha i kjøleskapet, så her er det rom for store variasjonar! Det eg foreslår her er ei basic-oppskrift, med tips til nokre ingrediensar som kan piffe opp bollane litt! Etter å ha smakt desse, kjem du nok neppe til å kjøpe ferdige kjøtbollar igjen...
Dette treng du:
to pk familiedeig (vi meiner bollane blir best når ein brukar deig med svinekjøt), flatblada persille (vanl. persille går også), kvitløk (gjerne tre fedd), 1/4 ts salt, svart pepar, 2-3 ss worchestershire-saus (el. anna saus du måtte like: tabasco, søt chili m.m. - ta det du evt. måtte ha), 1-2 ss sitronsaft (el. 1 ss sitronsaft+1ss raspa sitronskal). Dette er grunnoppskrifta vår! For å piffe den opp litt brukar vi i tillegg hakka fetaost og hakka oliven. Du kan sjølvsagt ha i hakka løk, paprika, ulike krydderurter - eigentleg alt du har lyst på! Som du ser har ikkje eg med egg i oppskrifta. Dels fordi Johan har eggeallergi, dels fordi eg meiner det ikkje er nødvendig. Men ha gjerne i eit egg om du ynskjer det! Bruk dei ingrediensane du har lyst på!
Slik gjer du det:
framgangsmåten er særs enkel! Bland alt i ein stor bolle - bruk fingrane. Kna godt - men ikkje for lenge, pass på at alt er godt blanda. Lag små bollar, bruk hendene. La gjerne ungane gjere denne jobben, dei har lettast for å få bollane små nok. Bør ikkje vere større enn ei STOR klinkekule. Steik dei i ei blanding av margarin og god olivenolje. Ikkje steik dei ihèl! Pass på at alle har fin farge og steikeskorpe, legg dei deretter i ei eldfast form og ha dei ei stund i steikeomnen (ca. 200 grader, 15 minutt).
Korleis et ein dette?
Sidan dette er kjøtbollar med mykje smak, er det ikkje nødvendig med sterk saus til. Vi brukar bandspaghetti (el. anna spaghetti, helst fersk) og ein god salat med masse små, søte babytomatar. I tillegg kan det vere godt å koke inn fløte med godt krydder og litt salt, som du slår over spaghettien når den er ferdig. Meir treng du ikkje!

Dette er ei av favorittoppskriftene våre! Kjøtbollane smakar kjempegodt, er enkle å lage og supert for ungane å få hjelpe til med. Når eg lagar mat synest eg det er kjekt om eg klarar å lure inn ein "special touch", eller ein hemmeleg ingrediens, som Ida kallar det. I denne oppskrifta vil det nok vere sitronen som tilfører det vesle ekstra! Då er det berre å sette igong!

3 kommentarer:

  1. Dette vert mandagens middag i Strandgata 64! (I morgon skal dagen tilbringast på Håvoll, langt vekk frå sag, hammar, drill og baderomsplater...). Men ting står vel litt på "halv åtte" der ute også. Mamma og pappa malar vel tak for tida. Kanskje vert det ein trilletur til gjengen på Halsane? Me snakkast i alle fall, med eller utan vogn :)

    SvarSlett
  2. Jepp. Denne må prøvast. SKal kpome tilbake med kommentarar frå middagsbordet seinare! Familiedig er eigentleg eit ganske grotesk namn... ;-)

    SvarSlett
  3. Lagde desse til middag idag, med suksess! :)
    Takketakk for oppskrift og nydelig blogg:)

    Anita

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!