Det skjedde i dei dagar at det gjekk ut befaling frå keiser Augustus om at heile verda skulle skrivast inn i manntal...
...og medan dei var der, kom tida då ho skulle føde. Og ho fødde sin son, den fyrstefødte, sveipte han og la han i ei krubbe. For dei fann ikkje husrom nokon stad.
... men engelen sa til dei: «Frykt ikke! Sjå, eg forkynner dykk ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødtd dykk ein frelser i Davids by; han er Messias, Herren...
... og dette skal de ha til teikn: De skal finne eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»
... men Maria tok vare på alt som vart sagt, og grunna på det i hjartet sitt.
Gjeterne drog tilbake. De lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt viar slik som det hadde vorte dei fortalt.
Julekrubba mi er komen på plass, og det er det berre å vente på jula! Denne flotte krubba kjøpte foreldra mine til meg ein gong dei var på ferie i Egypt. Den har vore kvar jul sidan, det vert ikkje jul utan! Det skjønnaste med julekrubba er det vesle Jesusbarnet i krubba, og engelen som heng over dei andre.
Det er ei eiga ro over slike kveldar, når ein er ferdige med gjeremåla og kan setje seg ned og slappe av. I morgon er det veslejulaftan - då er det siste innspurt, bloggdamer! Rydd, vask og pynt - men finn òg tid til kos og hygge....