søndag 19. oktober 2008

Vil du vere med på ei konkurranse???

For ei tid tilbake kom eg over denne skjønne, amerikanske bloggen! Nokre har vel kanskje forstått at eg meir enn gjerne skulle ha budd nokre år med familien i USA, og då særleg på austkysten. Gjennom denne bloggen får eg på ein måte leve ut amerikadraumen min!

I dette vakre huset.......

morse8 

.....bur denne flotte dama....

morse3 morse9

..... ilag med mannen sin og skjønne, lille Matilda......

        

No har ho ei konkurranse på gong, og du kan vinne.........

morse

.... og .....

morse1

Det er altså vel verdt å besøke Morse Farm i Vermont!

PS! Bloggedama er svensk, så du treng ikkje skrive engelsk....

Att/fram, bakvendt og omvendt!

Denne søndagsmorgonen starta i heilt feil ende. Rett nok sov alle ungane lenger enn normalt (faktisk så lenge at eg vart liggande vaken og vente på dei fyrste livsteikna!), og alle var blide, kvitrande og utkvilde! Vi hadde planlagt umiddelbar frukost i dag, slik at vi raskt kunne kome oss ut og styre litt.

Vel nede på kjøkkenet oppdaga vi at det var tomt for brød. Husmora vreid seg i skam over å ha planlagt så dårleg og ikkje hugsa å ta opp brød. Det var berre det at der ikkje var brød i frysaren heller. Nok eit moment på lista over dårleg samvit...

Med svoltne og utolmodige ungar var det berre ein ting å gjere: stappe i dei kvar sin bananbit, kle dei og gå ut (far i huset mistenkjast for å ha mumsa nokre Twistbitar frå i går kveld - papiret avslørte deg...). Det var trass alt opplett ute, og alle sunnmøringar veit at då er det om å gjere å gripe stunda! Med lågt skydekke og skodda hengande langt ned i fjella, er det berre eit tidsspørsmål før regnet er der att... Så medan far i huset tok med seg heile ungeflokken ut, vart eg verande att inn for å bake grove rundstykker. Med litt ekstra varmehjelp i heveprosessen gjekk det i grunnen ganske fort, og rundstykka vart trilla ut i ein fei.

Medan dei heva for andre gong måtte eg ut og vere litt i lag med dei. Eg fann heile hurven på låven, der dei vart godt i gong med rydding, vedakløyving, saging og anna forfallande arbeid. Minstesnuppa sat og kosa seg på akebrettet, frøken midtimellom saga ved  og eldstemann svinga øksa som ein vaksen kar. Alt sjølvsagt under kyndig rettleiing og påpassing av vaktsame pappablikk!

002 004

Det var godt utpå formiddagen før vi sette oss til frukostbordet, og hastverksrundstykka gjekk unna på løpande band! Eg har aldri sett ungane ete så mykje til frukost nokon gong! Dei hadde nok fått opparbeida seg god matlyst etter den harde "arbeidsykta" borte på låven!

008

No er gjengen allereie i gong med arbeidsykt nummer to, så det er vel berre å lage rikesleg med middag i dag! Eg lyt bøte på mitt dårlege samvit og sette ei brøddeig eller to...

006

                                          Så sjølv om denne dagen starta litt hulter til bulter, med leik og arbeid fyrst - og frukost til slutt ,  så var det kanskje det beste?

lørdag 18. oktober 2008

...om å skunde seg sakte...

Etter nokre runder på ymse butikkar siste dagane, kan eg konstantere fylgjande: butikkane er i ferd med å fyllast opp av raude nissar, julekransar, englar i alle former og fasongar, julekuler og mykje anna julenips. Eg har tidlegare hevda å vere blant dei som tjuvstartar på jula, men ikkje den raude jula!!!! Og for all del ikkje med nissane!!!! At det er marsipan i butikkane er no ein ting, det får så vere. Men når juletrepynt og nissar ynskjer meg velkomen inn i butikkane må eg seie eg vert litt forundra.

For meg er jula framleis berre på planleggingsstadiet (og nokre få julegåver som er i hus....), og så kosar eg meg på internet, i julebøker og i interiørblad og får gode idèar til korleis eg skal pynte til jul i år.

jul1

Vi er ikkje så glade i julekaker her i huset, men nokre må vi lage. Og så er det så kjekt å pynte med peparkaker. Den deilige lukta fyller huset! Dette var vel vakkert, så skjønt med den vesle grankvisten...

jul2

Julestrømper er obligatorisk! I år har eg planar om å sy ei.... Tvilar på om strømpa vil tole bloggifisering, eg er inga røynd syerske, må vite... Men med eit enkelt og greit mønster må vel eg òg klare det???

jul3

Tenk på kor mykje pengar vi brukar på å kjøpe julepynt, og sjå her kor enkelt det kan gjerast! Eg skal prøve å lage meg ei slik "uro" i år. Ta ein avlang strimle av tjukk papp, lage det til ein sirkel, lime ein blonde utanpå finne fin trå (evt. blonde el. juleband) til å henge det opp med og til slutt pynte med små grankvistar og raude bær (ser for meg at Dagny kjem til å like denne idèen...). I desse finansielle krisetider meiner ekspertane at vi kjem til  å verte lukklegare, fordi vi må finne tilbake til det enkle og det som er gratis. Med dette tipset kan vi kanskje spare nokre julekroner????

jul4

Kanskje vert det finevèr og tid til ein og annan skitur i juleferien???

Det vart ikkje mange julenissane som dukka opp i dette innlegget, og det tenkjer eg alle er glade for! Når vi framleis skriv oktober på kalendaren, må vi skunde oss sakte med juleførebuingane - så får nissane heller vente!

(alle bileta er frå Gudrun Sjøden sin julekolleksjon)

fredag 17. oktober 2008

...man tager en loff!

Når det er fredag, kroppen er sliten, ungane er trøtte og  vi berre har mest lyst å dumpe rett ned i sofaen - då må middagen inntakast seint og vere ekstra god! Eg bestemte meg for å gjere det enkelt i dag, og gjekk til innkjøpa av følgande ingredienser:

Formloff , fløte, majonnes, kokt skinke, purreløk, paprika og Jarlsberg.                                                   

Pisk fløte, bland i majonnes (minimum ein halv pakke, maks ein heil). Hakk skinka i tynne strimlar, kutt opp paprika og purre - bland alt i - smak til med litt salt og litt pepar. Ha gjerne i hakke pariseragurk om du likar slikt!

Med loffen gjer du følgande: skjær den opp i passelege skiver, men ikkje heilt igjennom. Den skal henge fast!!!    

033          

Ta den herlege, mektige og kalori-rike blandinga og fordel mellom skivene. Strø raspa ost over.

036                      

Sett loffen i ovnen på ca 200 grader i omlag 25-30 minutt. Pass på at den ikkje vert for brun på toppen.

035    

Då dette er ein svært mektig rett, er det aller best å servere den med ein smakfull og fargerik salat. Ingrediensane i fyllet kan du sjølvsagt variere etter kva du har i kjøleskapet.

Heilt på tampen tek eg med eit vakkert haustbilete som eg tok frå altanen i ettermiddag:

030

Eg likar så godt dei diagonale og parallelle linjene i biletet! På det nederste biletet kan sikkert matematikarar finne 6-7 parallelle linjer!

032

Denne skodda kom krypande oppover fjellsida og var borte omtrent like fort som ho kome. Utruleg fascinerande!

Ynskjer alle ein herleg fredagskveld!

onsdag 15. oktober 2008

Tove spesial: "Juicy Chicken"

I dag var dagen for kylling. Saftig, mør og forførande kylling. I bitar, marinerte. Marinaden har eg sjølvsagt dikta sjølv, etter "...man tager hva man haver"-prinsippet. Ingen faste reglar, inga fast oppskrift! Lyst på?

011

Eventyret startar her! Olje og balsamic-eddik "på ein raus". Ikkje vèr gnien med oljen.

013 

Ta ein sitron og køyr den eit halvt minutt i mikroen. Utruleg kor mykje saft du får ut då!

014

Pass på at steinane ikkje havnar i blandinga.

017

Tenk å eige ei emaljert sitronpresse som hindrar steinane i å hamne i marinaden, og som tømer sitronen for kvar ein dråpe den har! Den kosta meg kr. 10,-...... Skvis all safta du klarer rett i marinaden.

018

Kvitløk er viktig. To-tre-fire fedd i blandinga, alt etter kor modig du er. Finhakk, helst med kniv. Dersom du brukar kvitlauskpresse ligg ofte den smakfulle og sunne safta igjen i pressa. Kniv er bra!

020

Tilsett krydder du er glad i. Eg har ingen faste, men i dag vart det salt, pepar, paprika, kyllingkrydder og sukker. Det søte er viktig for å balansere det syrlege, og får fram det beste i neste ingrediens....

032

Tomatpurè - økologisk, så klart! Den er utan tvil best, tru meg, eg har testa det meste!

028

Det var faktisk fyrste gongen eg prøvde å lage marinade med tomatpurè, og kan hende flirar betrevitarar over min ringe viten. Men det stod ein rest i kjøleskapet, så eg tenkte eg like godt kunne prøve det. Mmmmmm....

025

Slå blandinga over kjøtet. Bland. La stå (minst ein time på benken).

041

Putt litt smør i panna. Steik. Nyt luktene. Nyt smakane. Kan kombinerast med det meste: ris, nudlar, poteter, salat, wok, eit godt glas vin, gode vener rundt bordet.

Mi kjære syster fekk smake og lurte på korleis eg hadde fått den så saftig og mør. Svaret var enkelt: Har ikkje peiling! Med den rette samansettinga av ingrediensar i marinaden, antakeleg! Var vel berre heldig i dag, for godt var det!

"Mamma, dette er den beste kyllingen du har laga", avslutta Ida med.

Då er det vel sant, då!

...når tung lærdom skal bærast...

Som lærarar flest har eg alltid eit kvart som skal vere med heim etter endt arbeidsdag. Det vere seg stilbunkar, arbeidsbøker, notatbøkene mine, lærebøker, nasjonale prøver, vanlege prøver - berre for å nemne noko. Det seier seg sjølv at det ikkje er plass til dette i handveska, eg er heller ikkje typen til å bruke ransel på jobb (det er liksom elevane si greie).

Tidlegare i haust hadde eg eit desperat innlegg der eg etterlyste ein person som kunne lage meg ei veske som kunne huse alle bøkene mine. Eit av kriteria var at den måtte vere solid og tåle opptil 20 kilo. Og jammen fekk eg napp! Ei kreativ og kunstnerisk dame høyrde mine desperate rop om hjelp, og meinte ho kunne lage det eg ville ha. Monica er tydelegvis ein lesar av bloggen min og har plukka opp stilen min og fargepreferansane mine - eg hadde ingenting å frykte!

003

I dag fekk eg ein pakke på døra, og såg med ein gong at det var frå veskemakaren min. Spenninga var til å ta og føle på då eg sakte men sikkert tok til å opne pakken (dette til trass for at eg hadde sett bilete av det ferdige produktet på bloggen hennar...). Fyrst vil eg vise nokre bileter av elendigheita som råda før denne veska kom i hus:

007 008

Eg kunne nesten ikkje vere bekjent av å gå rundt bøkene i slitte posar frå Rimi.... Skrekkelig, hæ???

Eg trur alle stilbøkene i Rimi-posen vart minst like glade som meg då innhaldet i pakken openberra seg:

005 006

Har du sett noko så flott??? Eg var heilt imponert over kor godt ho traff med stil og farge! Skulle nesten tru ho hadde vore fluge på veggen med meg ei stund!!!

009 010

Bøkene mine og eg er komne til paradis!!!! Denne veska vil nok fylgje meg i tjukt og tynt i eit langt lærarliv. Den var svært solid og vil nok tole mang ein stilbunke....

No sit sikkert Monika spent og ventar på dette blogginnlegget. Ho lurer nok på om den kresne skulefrøkena er nøgd med resultatet... Dommen er som følger: eg er så utruleg glad for at du har laga denne veska til meg! Den passar perfekt til meg, og eg er stolt over å vere eigar av eit slikt kunstverk!

Tuuuuuuusen takk, Monica!

Eg er så glad for at kreative sjeler som du gjer kvardagen min betre!

When it rains, it pours...

Eg har hatt ei lita ransaking på bloggen min i dag. Siste vekene er det mange som har lagt att kommentarar til meg og sagt at dei har ei utmerking til meg, og for kvar kommentar har eg tenkt at "...det skal eg hugse, eg treng ikkje skrive det ned". Men sjølvsagt hugsar eg det ikkje (fleire enn meg som er medlemmar i Korttidsminne-foreninga???)! No har eg altså gått grundig til verks og leita fram alle ihop!

Det er så kosleg at eg får så mange utmerkingar - eg vert heilt rørt! Her er dei eg har fått:

award8

Denne har eg fått med Jorunn i Litt av Mitt.

award11

Denne har eg fått med Jorunn i Litt av Mitt og Cecilie i Kvardagsliv.

award17

Denne har eg fått av Steinbokkjen, Sol i My kind of blog og Astrid i Frå eit A4-liv.

award13

Denne utmerkinga har eg fått med Line i Kvardagsliv i Storemyra og Steinbokkjen.

award9

Denne utmerkinga har eg fått med Sol i My kind of blog.

award16

Denne vakre utmerkinga fekk eg med Lill i Silje The Mustang - tusen takk for flott omtale på bloggen din!

Dette er alldeles overveldande for ein A4-bloggar.... Eg er verkeleg takksam for all den flotte omtalen og alle dei flotte utmerkingane! Tusen takk til alle som har beæra meg med slike heidersteikn!

Den siste prisen, som eg fekk med Lill, vil eg gjerne gi vidare. Det er så mange flotte bloggar å velje blant, at der nesten er ei umogleg oppgåve å finne nokre som fortener den meir enn andre. Men sidan det har med inspirasjon å gjere, så vel eg å gi den til bloggar som gir meg påfyll av alle slag.

* Duften av erteblomst - ein vakker blogg som inspirere meg både med bilete, ord og musikk. Denne har du fortent!

* Dans på roser - har hatt ei laaaaang bloggpause og eg trudde verkeleg ho var borte for godt. Men så var ho brått tilbake, og det er eg glad for! Velkomen tilbake, Kathrin!

* Tante Mimmi - takk for at du deler fantastiske kvardagsaugeblikk og alle dei undrande tankane din med oss, og for alle vakre bileter du viser!

* Kari, Carpe Diem - ei kunstnerisk sjel som målar dei vakraste bilete og skriv nydlege dikt og funderingar.

* Guttemammas - ein fersk bloggar som har ein vakker heim! Velkomen til bloggverda!

* Haust - denne bloggen har eg fulgt ei stund, mykje fordi det er så heimekosleg der! No er heldiggrisen nybakt mamma og kosar seg med det!

* Silje sin - dette er endå ein av dei heimekoslege bloggane eg alltid må ein tur innom. Vakre bileter, vakre ord - må berre nytast!

* The World of Sandnes - då eg ikkje er av den mest kreative typen, er det alltid kjekt å kike innom Anne Grethe sin blogg og sjå på alt det spennande ho lagar!

* Anna Lisas hjerteblogg - ein av bloggane som inspirerte meg til å starte blogg sjølv. Har ein sart og lun blogg der eg alltid kjenner meg velkomen!

blomster1

Denne blomen går til alle som ikkje fekk utmerking med meg denne gongen (for å bøte på dårleg samvit over å ikkje dele utmerkinga med alle...), og til alle eg har fått desse flotte utmerkingane med!

Tuuuuuuusen takk!

Syskenkjærleik...

Det ruskar og bles ute. Mamma har tent stearinlys for å halde mørket ute. Etter god kveldsmat er det på tide å legge seg. Nydusja, varme og gode ungar kryp under kvar si dyne, og mamma går innom begge to med godnattsongar og klemmar.

Det knirkar i veggane. Regnet piskar på rutene. Mamma og pappa høyrer små føter som tassar over golvet på loftet. Vi smiler til kvarandre og veit kva som er på ferde. Det kan vere skummelt å sove på eit gamalt loft. Av og til er det godt å vere to under dyna.

009

Godnat! Godnat!
  Kryb under dit dækken
  med nelliker strukket, med roser besat,
  med sølvhvide blade paa bringebærhækken!
 

011

Imorgen igjen, hvis Gud saa vil,
  vækkes du op af fuglenes spil.

H. Wergeland

012

Det er ikkje rart ein kjenner seg rik, når ein har slike skattar i hus....

tirsdag 14. oktober 2008

Ein sommar er over...

 

021

Ein sommar er over
ein dag er på hell
og sola har gått ned i havet.

034

Fjorden og sundet
no blånar mot kveld
tek avskjed
med lyset og dagen.

028

I skumringa sin time
i avdagings ro
eg står her i stille betraktning.

046

Ein avglans av sola
har teikna ei bru
i havet
der ute mellom skjæra.

052 

Langs stien der eg går
lyser haustfarga prakt
det gløder i lyngen og heia.

092

Ei takk for ein sommer
så skjønn vi har hatt.

048

Ei takk for alt
heile vegen.

 

Eit dikt av  Elly Pedersen frå Nordre Valfjord, omsett til nynorsk.

083

Takk, kjære sommar, for alle gode minner vi sit att med. Aldri har vel sommaren vore finare, ungane gladare og minna fleire! No pakkar vi deg inn, kjære sommar, knyt ei fin sløyfe rundt deg og gler oss til neste gong vi sjåast...