Den gode og varme haustkjensla kom over meg i dag. Den lune og varme dagen gjekk til ro med kalde drag i lufta. Framleis blå himmel ute. Framleis ikkje heilt mørkt.
Men likevel med eit drag av noko anna. Noko eg ikkje heilt klarer å setje fingeren på, men som er så kjent og så kjært. Og som gir meg ei fullstendig ro, sjølv om dagen har vore lang og hektisk.
Så i kveld krølla eg meg ihop i sofaen. Blomane frå forrige helg pynta opp bordet ilag med levande lys.
Eg burde heilt sikkert ha gjort noko fornuftig. Vaska eit golv eller lagt ihop ein haug med kle. Flytta litt rundt på nokre planter kanskje, eller tømt oppvaskmaskina. Men akkurat i kveld vil eg heller strikke. Den vesle tantebabyen som kjem om kort tid vil heilt sikkert meine det er fornuftig disponering av tid. Stakkaren kan ikkje kome pleddlaus inn i verda!
Det lilla pleddet ventar på meg. Når haustkveldane set inn for alvor, må eg ha gode pledd i sofaen. Det er golvkaldt i gamle hus, og eg likar ikkje å fryse.
Du skal få eit lite haustdikt med deg inn i denne vakre kvelden:
Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
som song
i Sumar so vænt millom Greino?
Sidan eg høyrde deim
ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar vart det taa alle dei Blomar,
som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
Eg ser yver Bøen,
men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
— Han visnar, Blomen, mot Hausten.
*** Per Sivle ***
Medan eg kosar meg med te og strikking, håper eg du nyt kvelden der du er!
Og hugs; hausten er ikkje slutten på ein herleg sommar!
Det er byrjinga på eit nytt og vakkert eventyr!