lørdag 1. desember 2012

Note to self....

I morgon er det desember og vi går ei varm, raus og spennande tid i møte. Men vi veit alle at det også kan vere travelt, stressande og hektisk. Eg veit så inderleg vel at eg let meg rive med og at eg ikkje finn att kvilepulsen før litt ut i romjula ein gong. For å kome meg gjennom adventstida med ære og helse i god behald, må eg rett og slett love meg sjølv nokre ting:


♥ Eg lovar å slappe heilt av og nyte ein god kopp kaffi når eg får besøk i førjulstida - utan å tenkje på alt eg eigentleg burde ha gjort

♥ Eg lovar å ta meg tid til å besøke andre -  nærvær av gode vener er gull verd

♥ Eg lovar at eg skal sjå barne-TV i lag med ungane kvar kveld

♥ Eg lovar å fortelje meg sjølv at det eg gjer er godt nok

♥ Eg lovar å ikkje stresse med julegåvehandelen - eg har så vidt starta, men veit eg kjem i mål!

♥ Eg lovar å ta meg tid til å kveldsturar - enten det er måneskin eller regn

♥ Eg lovar at eg kose meg i lag med familien min

Biletet over tok eg ein kveld eg var på besøk med ei god venninne. 


3 kommentarer:

  1. Gode råd til oss alle!
    Ha ei fin adventstid!

    Klem fra Numedal

    SvarSlett
  2. Kloke ord!Eg laga ein liknande avtale med meg sjøl om november, ikkje ta deember på forskot og finne dei gode tinga i november, det hjalp! November vart fin :) Ønskjer det ein god desember!
    Kirsti

    SvarSlett
  3. Det blir alltid jul tilslutt, uansett ka en he gjort og ikkje gjort (Ej he i alle fall aldri opplevd at det ikkje blir jul...)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!