Tenk å vere snart tre år, og ha heile verda for sine føter! “Eg berre reiser ein liten tur eg, mamma!” Tenk å kunne rusle ein tur på tunet og ha kjensla av å ha vore på jordomsegling. Tenk at ein liten time i sola kan gi så mange inntrykk, så mange historier, så mange gleder…
Ugras er dei vakraste blomar for eit lite barn. Dei har ikkje lært seg at nokre blomar har mindre verdi enn andre. Dei plukkar det dei ser, og ser at det er vakkert.
Det er ei oppleving å få rusle i fotstega til slik ei lita frøken; høyre dei små samtalene ho fører med seg sjølv, lytte til betraktningane, sjå alt ho undrar seg over og le av alt det fantastiske ho har føre seg.
Så godt å setje seg ned i lag med henne og småprate om alt mellom himmel og jord, medan lyden av beitande sauer er det einaste vi høyrer. “Tenk at det går an å lage så fine blomar!”, seier ho, medan andletet lyser opp av forundring!
Brått kjem ein sommarfugl og forstyrrar oss. Med ei pinselilje i handa småspring ho over åker og eng for å sjå om ho klarer å nå den att. Til slutt må ho gi opp jakta og set seg ende ned på ein stein og kikar utover bygda. “Tenk at det går an å ha det så fint”, seier ho. Det er ikkje fritt for at morshjartet svulmar litt ekstra. Tenk om eg har klart å lære henne å setje pris på alt vi har rundt oss, om ho har skjønt at vi må sjå det store i det små!
Storesyster kjem springande med noko godt gøymt i handa! “Sina, vi kan ønske oss noko!”, ropar ho! Ein liten gullsmed kjem til syne når ho forsiktig opnar handa. Sina, som aldri har sett ein slik før, hyler av fryd når dei små føtene kitlar henne i handa! Storesyster forklarer at ho må late att augene og ønske seg noko. Ho held den vesle gullsmeden godt i handa si, let hardt att augene og er stille ei lita stund. “Eg ynskjer meg meir sol!”, seier ho og slepp gullsmeden ned i graset! Herlege, gode ungen min…
♥♥♥
Måtte ønsket hennar verte oppfylt! Slike soldagar er så utruleg gode, så uendeleg viktige og så veldig velkomne…