søndag 21. oktober 2012

Forrige laurdag...

...var vi på den vakraste øya eg veit om og feira ein fantastisk flott 40-åring! Alt stemte; vèret, folka, maten og stemninga. 

Etter ein kort båttur ankom vi denne brygga...

På vegen opp til dei to gardane møtte vi nysgjerrige øybuarar som lurte veldig på om vi hadde med mat til dei...

Vi passerte dette tunet først...

...og så kom vi endeleg fram til garden der vi skulle feire den flotte 40-åringen...


Eg ser ut på denne øya kvar dag. Men å vere der..., gå rundt der..., - det er noko heilt anna! 

Vertskapet hadde ordna til på låven. Det var levande lys, god mat på bordet, flotte taler og god musikk. All maten var kortreist og mykje av det fanga av han som vi feira; hjort, krabbe, hummar, bacalao og mykje, mykje meir. 

Og då kveld gjekk mot natt dansa nordlyset på himmelen og gjorde kvelden meir spesiell enn nokon kunne ha drøymt om! 
Det er ikkje rart at ingen ville heim. At vi ville kvelden og natta skulle vare evig.

Tusen takk til 40-åringen med frue, for å ha gitt oss ei spesiell oppleving som vi ikkje gløymer! 



3 kommentarer:

  1. Ja, ikkje sant? Det er spesielt å kome til ei lita øy, sjølv om ho ligg berre eit steinkast frå land. Eg har også ei slik øy som set meg i ei spesiell stemning; øya der bestemora mi vart fødd og vaks opp. Ho heiter Sputøya og ligg på nordsida av Dimnøya. Der er eit lite, no fråflytta småbruk, som etterkomarane av dei siste som budde der fast bruker som ferieplass. Du skildrar stemninga frå forrige laurdag på ein god måte:)

    SvarSlett
  2. Så nydelige bilder - stedet ser helt magisk ut :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!