søndag 25. november 2012

Ein liten smakebit...

At julekjensla kjem snikande for kvar dag som går, er ikkje til å unngå. Og eg let meg rive med. I alle fall litt. Smått og forsiktig. Eg er eigentleg veldig "julete" av meg, men har alltid meint at ein ikkje skal ordne og styre så mykje før ein har runda 1. søndag i advent. 


Eg er så smerteleg klar over at tida fram til jul går så frykteleg fort. Og eg veit at det er den mest travle tida i året, både på jobb og heime. Difor har eg i år bestemt meg for å pynte og ordne litt gradvis - for å kome i stemning, for å kunne nyte den gode tida lengst mogleg og kanskje for å unngå kjensla av stress. 


Det er godt å kome heim og slappe av når det er litt vinterstemning i heimen. Ein tek ikkje skade av å kose seg litt ekstra i mørketida!


Og apropos mørketid..... Eg fall for fristelsen og kjøpte meg endå ei julestjerne i år. Det er ikkje det at eg ikkje har frå før, men eg trengte faktisk litt fleire. Vi har nemleg ein nyrestaurert fjøs og låve  som skal pyntast litt ekstra til jul, så mange av julestjernene vi har hatt før skal hengast opp der. 


Du må for all del ikkje tru at huset mitt er fullt av juleting og pynt. Så langt er det berre ei stjerne i glaset og noko vinterpynt på eit fat på spisebordet. Eg likar godt å pynte med konglar. Vi samla nokre i haust og dei har vi litt her og der i huset.


Noko av den finaste julepynten finn vi utandørs. Vi er heldige som har skogen og fjøra i nærleiken, for der finn eg masse inspirasjon til julepynt. Eg er så glad i greiner; både dei nakne og dei vintergrøne. Og både konglar og stein er fine naturelement som er med å lage både vinterstemning og julestemning.

YNSKJER DEG EIN FIN SØNDAG!





fredag 16. november 2012

Lengtar...

Åhhh, som eg lengtar heim til familien min, hunden vår, kjøkkenbenken min og utsikta mi...
Det er rart kor sterk heimlengten kan vere, og kor store alle desse små tinga vert. Eg har vore vekk i "embeds medfør" denne veka og no er det fredag og eg skal heim. Berre nokre timar til. 


Home is where my is!


søndag 11. november 2012

Strikkedilla ♥

Hausten er heilt klart tida for innesyslar. Akkurat no er det strikking som opptek mykje av avslappingstida mi om kvelden. No har eg strikka nokre par med tjukkelestar, men skal snart til å strikek ein gensar til vesle frøken fem år.

I fjor strikka eg ein tunika til henne som eg har vorte så glad i, tenkte eg skulle vise nokre bilete av den.

Vi var i fjøra ein nydeleg haustkveld og frøken Fem hadde på seg tunikaen sin. Eg kom brått på at eg faktisk ikkje har lagt ut bilete av den på bloggen, og det måtte vi sjølvsagt gjere noko med...  Den stolte eigaren ville meir enn gjerne vere modell!

Fi n e   j e n t a   m i   
Oppskrifta fann eg i Sandnesgarn si brosyjyre som heiter "Mix barn, 1002 barn".  Eg brukte Sandnesgarnet MiniAlpakka og strikka på pinne nr. 3. 

Som den urøynde strikkaren eg er, så var eg ganske stolt over å ha klart å strikke mi fyrste vrangbord med fletter! Det var ikkje så vanskeleg med fletter som eg hadde trudd, så dette gav meirsmak!


Er den ikkje fin vel?

onsdag 7. november 2012

Vidunderleg vakkert...

Eg blir aldri lei av Sæbø, den vidunderleg vakre bygda i Hjørundfjorden. Sjølv om eg bur nært Sæbø, så får eg umiddelbar feriekjensle når eg kjem dit. Særleg på ein varm sommardag når fjorden blenkjer og dei majestetiske fjella strekkjer seg uendeleg mot blå himmel. Men det er like vakkert der ein iskald vintersdag med snøbyger og piskande vind, eller når frosten har lagt seg og alt ser ut til å kvile. Det er berre det at ingenting kviler på Sæbø. Der er alltid ein puls. Alltid ein nerve. Alltid noko som fortel deg at folk er stolte av å bu her.

På seinsommaren i år gjekk hurtigruta inn Hjørundfjorden - verdens vakraste fjord. Det var eit prøveprosjekt for å sjå om det kunne vere aktuelt for hurtigruta å legge om ruta si. Vi som bur i kommunen visste sjølvsagt at Hjørundfjorden ville innfri forventningane. Ein er ikkje upåvirka etter eit møte med Hjørundfjorden. I går kom meldinga om at hurtigruta, for fyrste gong på 20 år, legg om ruta si og gjer Hjørundfjorden til ein fast post på programmet sitt (les meir om det her).

I dag er det snø og kaldt på Sunnmøre og då gjer det godt å kike på nokre vakre bilete frå Sæbø i Hjørundfjorden ein vakker augustsøndag i år.




 Tenk å sitje i fjøresteinane ein varm sommarkveld og nyte utsikta av majestetiske fjell...




n  o  s  t  a  l  g  i

Dei brukte det dei hadde då dei bygde naust. Dette må vere plank frå ein gammal båt. 


k  v  a  r  d  a  g  s  k  u  n  s  t




Det er ingen tvil om at Hjørundfjorden er blant dei vakraste fjordane i verda. Det som kanskje gjer at Hjørundfjorden trekk det lengste strået, er at det er liv her. Det bur folk inn i denne fjordarma. Dei har sitt daglege virke her. Driv næring. Dei forpaktar jorda. Er bønder. Kulturbærarar. Gard og grunn vert ikkje halde flidd fordi det skal ta seg fint ut for turistar, men fordi det bur folk der.

Det er så vidunderleg vakkert i Hjørundfjorden og no er eg glad for at endå fleire skal få sjå alt fjorden har å by på.