fredag 22. oktober 2010

Politiske frynsegoder!

 Det er ikkje ofte eg bloggar om min politiske ståstad og om politiske saker, og det skal eg heller ikkje gjere i dag. Eg vil likevel ta blogglesarane mine med på ein dag i eit kommunestyremøte! Vi bur i ein kommune med fantastisk natur, ville fjell og verdas vakraste fjord; Hjørundfjorden!

MS “Hjørundfjord” tok oss med på synfaring gjennom ein vinterkledd  Hjørundfjord. Vi skulle besøke Hotel Union Øye og besøke ein stolt gardbrukar på Stennes.

Hjørundfjorden8

På kaia vart vi tekne godt i mot av Bodil som losa oss trygt ombord i båten.

Hjørundfjord1

Kommunestyremedlemmane mønstrar på!

Hjørundfjord2

Vel framme på Øye trassa vi sluddbyger og motvind og vandra i retning Hotel Union Øye.

Hjørundfjord4

Litt kjekt at den trufaste lokalavisjournalisten også fekk vere med på bilete (lengst til venstre)!

Hjørundfjord5

Staslege omgjevnadar – fantastisk vertsskap – verdens beste eplekake – kjærkomen kaffi! Hit burde du ta turen, forresten! Desse kan hjelpe deg med det.

Hjørundfjorden3

Det er mange måtar å kome seg til Øye på! Vi var ikkje einaste gjestane på Øye denne dagen…

Hjørundfjord6

Skal tru om det var tverrpolitisk rådslaging desse to karane hadde føre seg? Flottare møtelokale kan ein vel knapt finne!

Hjørundfjord7

På Stennes er der tre fastbuande. 150 geiter. Ein vakker hage. Dramatiske omgjevnadar. Stor stoltheit. Verdens flottaste utsikt.

Ikkje rart lokalpolitikarhjartet bankar litt ekstra slike dagar!

♥ ♥ ♥

Tusen takk til alle som bidrog til ein flott dag!

PS! Bileta kan klikkast på om du vil sjå dei i ei litt større utgåve!

7 kommentarer:

  1. Hjørdis Almelid Vikenes22/10/10 21:36

    Helt rett at dette er framsida av alle papirsidene me les i løpet av eit år! Du e så flink til å knipse augneblikka som tel Tove. Hugsar du forresten å leggje over eit glimt t kallen min au? Takk for det! Framleis god helg. Og sjølv takk for ein strålande dag på politikarvegen gjennom den flotte kommunen vår.

    SvarSlett
  2. Nydelege bilder, og jammen er her vakkert også når det både snøvar og regnar også;-) Øye Hotell er eit hotell eg endå ikkje har overnatta i, men har veldig lyst... har vore der nokre gonger og ein får ikkje mindre lyst å dra attende, maten og omgivelsane er upåklageleg:-) Ps dei to på kaia løyste nok verdsproblem heller en lokalpolitiske hihi

    SvarSlett
  3. Godt dokke får sjå ting med eigne auge og ikkje berre fakta på papir..
    Så flotte bilete! Forstår du er stolt over kommuna di.
    God helg!

    SvarSlett
  4. Se der ja;)) Du som holder kontroll på alle, inklusive min kjære som tok seg en svipptur innover med helikopter;) Det er en utrolig fin plass dette, og jeg ser at det er flott på høsten/vinteren også. Håper dere fikk noe fornuftig ut av reisa, dere fikk uansett en fin tur om ikke annet:))

    SvarSlett
  5. Ei god politisk frynsegode!! Eg er heilt samd. Eg skulle egentlig ynskje at vi tok oss tida til synfaring oftare enn vi gjer, for det er noko eige å få litt frisk luft midt i eit langt møte, og ekstra stas når omgjevnadane er så flotte! God helg :)

    SvarSlett
  6. Ei glede å sjå Hjørundfjorden og Union vintersdag, - brukar vanlegvis MC når eg er på dei kantar! Godt det har vorte asfalt på vegen frå Hellesylt, gløymer ikkje den gongen han hin måtte spyle meg og MCdressen med vasslangen til hotellet - eg hadde "leirsupe" opp til skuldrane!

    SvarSlett
  7. Min måte å komme til Hjørundfjorden og Hotel Union Øye er også på 2 hjul. Jeg har vært der flere ganger og det er like spennede enten jeg kommer via fjorden eller kjører ned langs dalen. Naturen er så mektig på de kanter.Du har spennende bilder og for meg var det fint å få se hvordan det ser ut med vinterstemning. Nå er sykkelen parkert, men til neste år er jeg tilbake på de samme trakter.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!