lørdag 30. januar 2010

Siste sjanse…

I dag er det siste sjanse til å stemme i Foreldremanualen si vesle kåring av årets bloggar i 2009. Eg har vore nominert i kategorine “Årets mest velskrevne mammablogg”, og det er eg sjølvsagt svært takksam for!

mammablogg

Det verkar kanskje litt rart å skulle vere opphengt i dette med slike nomineringar, men akkurat denne har stor betydning for meg (så får andre meine det dei vil om den saken….). Eg er så utruleg glad kvar gong eg får attendemeldingar frå framande som seier at det eg har skrive har gjort stort inntrykk på dei, trøysta dei eller at orda mine har gitt dei påfyll og stå-på-mot i ein travel kvardag. Det betyr mykje for meg at mine skribleri betyr noko for andre.

129

Ein annan grunn til at denne nomineringa er viktig for meg, er at premien i min kategori er ei bæreslynge. Det skjønne mirakelet på biletet er det aller minste tantegullet mitt, Sofie. Stakkars lille vennen har kolikk og må difor bærast mykje. Slitne mamma-armar treng avlastning, samstundes som at lille Sofie må få vere nærast mogleg mammaen sin. Ei slik slynge hadde gjort alt mykje lettare for den vesle familien. Sofie hadde då fått vere tett inntil mammaen sin, samstundes som mammahendene hadde hatt tid til storesyster som også må få sitt.

bæreslynge

Eg kan vinne ei valfri bæreslynge frå Storchenwiege bæreslynge, og det hadde gjort meg VELDIG glad!!!

Dersom du har lyst å stemme på meg, så blir eg veldig glad! Du kan stemme her! Og tusen takk til alle som allereie har stemt på meg…

PS! Det er sjølvsagt på sin plass å seie at det er utruleg mange velskrivne bloggar der ute! At eg er plukka ut som ein av dei gjer meg audmjuk…

9 kommentarer:

  1. tvitvi! Krysser fingrer for deg!
    God helg :)

    SvarSlett
  2. Stemma er avgitt!!

    Lykke til og god helg!!

    SvarSlett
  3. Hei. Ja du har en "gave" der alstå. Det å kunne skrive godt! Du formulerer deg så lekende lett, og det høres slett ikke vanskelig ut når du har skrevet det. Men selv sliter jeg med å få det bra til. Jeg har stemt på deg en gang før, og nå fikk du en til i innspurten (hvis det kan bli reg. to fra samme da) Ønsker deg uansett lykke til, og ut ifra prognosen, er det ingen som kan slå deg.
    Ønsker deg riktig god helg.
    Klem Ann<4

    SvarSlett
  4. Hei! Gratulere med nominasjonen! Lykke til! Skal gå inn og stemme på deg! :) Takk for tips om teljaren. Eg har lagt inn slik at mi adresse ikkje gjev treff. Så eg kan ikkje påverke teljaren. La inn ein ny i dag nederst, og den fyk avgarde. Så då er kanskje den eg har frå før for unike treff?

    Eg er vel like forvirra ;)

    Ha ein fin laurdag!
    Klem frå Elin :)

    SvarSlett
  5. Eg var inne å stemte tidleg i leiken, måtte likavel inn å sjekke ut "voten" i dag. Har du sjekka? He he ;o)

    Høyrde at vegen var opna att, heldigvis! Ei merkeleg kjensle å verte innesperra slik vil eg tru. Dokke må ha ei fortryllande helg!
    Klem

    SvarSlett
  6. Gratulerer, stemme er avgitt, har du vært inne å sett? du leder stort =)

    Ha en forsatt fin helg.

    SvarSlett
  7. Stemmer på deg og Sofie ;)

    SvarSlett
  8. Tusen takk snilde du!!! Ei slik bæreslynge kjem garantert godt med når kveldane vert lange og tunge og høglytte:) Stor klem.

    SvarSlett
  9. Stemme avgitt:-)

    Som tidl. kolikkmamma og bære-entusiast vil eg berre nevne at ei ringslynge er god å ha, men om ein skal bære lenge om gongen er det best med meitai eller eit sjal. (belastninga fell på heile overkroppen, ikkje berre eine skuldra)

    linkar:
    bereglede.no
    lotusbarn.no
    tettinntil.no

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!