mandag 3. august 2009

Sydlandsk jukseidyll…

Ein treng ikkje å reise lenger enn til Danmark for å oppleve ekte, sydlandsk idyll. På det fantastiske Lalandia gjekk vi inn ei svingdør og paradis openberra seg!

Tove, sommar 031

Vi vart ynskte velkomentil ein italiensk landsby, der den fantastiske kveldshimmelen senka skuldrane våre. Alt var sjølvsagt innandørs!

Tove, sommar 032

Om husobnden held ord, er eg kanskje heldig og får oppleve alt dette på ekte i Roma neste år????

Tove, sommar 033

Det seier seg vel sjølv at denne interiørbutikken vart besøkt opptil fleire gongar… Mange av bloggedamene eg har lært å kjenne hadde nok likt seg godt her.

Tove, sommar 044

Ungane fekk prøve hoppeselar, noko dei likte svært godt! Det kitla i magen då dei svevde høgt der oppe!

Tove, sommar 041

Johan i fritt svev!!!

Tove, sommar 046

Eg er sikker på eg kunne ha lurt mange om eg viste dette biletet og sa vi hadde vore i syden! Ida kosa seg med is! Biletet er teke innandørs på Lalandia.

Når ungane snakkar om ferieturen til Danmark, så er det Lalandia dei snakkar om. Legoland var sjølvsagt flott det òg, men Aquadomen i Lalandia var verkeleg den største opplevinga!

AquadomeBillund

Bilete: www.lalandia.dk

På dette biletet ser du eit av bassenga inne i Aquadomen. Med jamne mellomrom kom det store bølger i dette bassenget, til små og store si glede!

Eg kjem gjerne attende til Lalandia!!!

8 kommentarer:

  1. Så stilig..
    Eit godt reisetips..

    SvarSlett
  2. WOW! Utruleg stileg og "naturtru"!Ligg det langt frå Legoland? Har nemleg lovt ungane ein tur dit neste år. Spes. Hallvard er legoman i bøttevis! Hadde vore supert å få med seg dette også, men då må det ligge innanfor ein viss radius m.t.p Legoland, eller på vegen til/frå. Lange omvegar blir nok uaktuelt.

    Og no har du fått sommaren tilbake, Tove :-) Nyt dei siste fridagane i lange magadrag!

    SvarSlett
  3. Dette så jo ut som en fantastisk plass!!! Aldri hørt om stedet, men om jeg skal til Danmark vet jeg hvor jeg skal legge turen i allefall:))

    SvarSlett
  4. Næh, så spennende. Takk for tipset!

    SvarSlett
  5. Velkommen hjem...første gang jeg har sett bilder derfra..så det var gøy.Sjønner at dere har kost dere.Ble det noe shopping på mor da...så jo utrolig spennende ut den butikken der da:o)
    En fin dag til deg fra Maliva

    SvarSlett
  6. Det ser ut til at de hadde det kjempe kjekt. Flott reisetips, kanskje Danmark blir reisemålet neste år? Kos deg med dei resterande feriedagane :O)

    SvarSlett
  7. For en kjempe hyggelig plass.. hadde jeg ikke vist bedre så ville jeg sagt dere var i syden.. koselig:)

    SvarSlett
  8. Det såg ut som ein fin plass å reise til :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!