søndag 14. juni 2009

Kjoledraum!

Eg har så utruleg lyst å introdusere alle mine blogglesarar for Cathrine, eller CatY, som er merkenamnet hennar! Ho er ei "lokal dame" med særs kreative evner, og no har ho tatt det store steget og laga sitt eige designermerke, CatY.

cathrine1

Ho syr dei nydlegaste kjolar, skjørt og vesker.

cathrine

Cathrine er glad i fargar og mønster frå svunne tider, og handlar mykje av tilfanget sitt på second hand. Så klipper ho opp, set ihop fargar og mønster som passer og lagar dei nydlegaste kle!

cathrine2 cathrine5

No har ho starta sin eigen nettbutikk der du kan beundre produkta hennar og kjøpe det som fell mest i smak (med så mykje kreativt og flott kan det verte ein smule vanskeleg å finne berre ein favoritt...).

Du kan sjølvsagt kome til Cathrine med ein draum, og få henne til å verkeleggjere den. For som ho sjølv seier på nettstaden sin; "Har du ett tøystykke, en detalj eller en liten tanke du har lyst til å få sydd til et produkt er det bare å ta kontakt, -elsker små og store utfordringer!".

cathrine3 cathrine4

Når Cathrine no lanserer nettbutikken sin, er ho raus og "loddar ut" ei av desse veskene! Min soleklare favoritt er "Hubba Bubba"-veska til venstre, så eg har sjølvsagt kasta meg med i konkurransen! Det kan du også gjere, ved å klikke her!

Eg ynskjer Cathrine lukke til med CatY-klea og er sikker på at blogglesarane mine tek godt i mot henne merket og kikar innom nettbutikken hennar!

7 kommentarer:

  1. Den der siden MÅ jeg bare innom! Takk for tips!

    SvarSlett
  2. Dette var kjoler til å bli i godt humør av ja:) Artig med noe som ikke er safe og konservativt;)
    Iler inn i nettbutikken og ser!

    SvarSlett
  3. Mye flott hos CatY!
    Klem fra Maja

    SvarSlett
  4. Så fine!! Mine favoritter er den turkise og den hvite kjolen!

    SvarSlett
  5. TUSEN TAKK!! Sit her heilt overvelda og blank i auene! Herli å få fortsette å "bruke" mej meir når ideane bobla over, -ej kan nå ikkje ha ubegrensa med kjola sjøl... Og med slike ord på vegen er det veldig kjekt! Tusen hjertelig, nok ein gong og ej e selvfølgelig klar med teikneblokka, saksa og symaskina den dagen tanken din kjem :)

    SvarSlett
  6. så gøy!
    Dette må sjekkast ut!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!