mandag 11. august 2008

Vaflemåndag, barnehagestart og premieutdeling!

Sjølv om klokka i skrivande stund ikkje er meir enn formiddag, er det likevel mykje som har funne stad heime hjå oss. Lat oss byrje med det fyrste fyrst.

Sina vart offisielt barnehagejente i dag. Eg hadde grudd meg til denne dagen, men du verden kor kjekt det var! Ho var litt blyg og sjenert til å byrje med, men tødde opp etterkvart. Ho vert den minste på avdelinga, og kjem nok til å nyte all merksemda ei slik lita dukkemor får. I morgon skal eg prøve å rusle meg ein tur medan ho er der att ein time åleine (merk deg at eg skriv prøve...). Men eg er ikkje det minste i tvil om at det går bra. Sina er ei sosial frøken som har tilbrakt store delar av sitt fyrste leveår på kommunestyremøter og formannskapsmøter, så dette vert for småtteri å rekne!

006 007

Litt undrande, men òg nyfiken og interessert. Den store, gode bamsen hadde heldigvis eit trygt fang!

008 009

Det var mykje kjekt å finne på i barnehagen! Ho fann fort sine favoritting; ein komfyr (lik mor si???), ein knudrete ball (hmmm, det har ho vel plukka opp frå huden vår?) og to små figurar som ho bytta på å halde i handa (akkurat storebror gjorde det då han byrja i barnehage!).

Eg konkluderer i allefall med at både eg og Sina hadde ein vellykka barnehagestart!

Vel heime måtte sjølvsagt begivenheita feirast som seg hør og bør, og då var det vafler som stod høgst på ønkselista.

010 033

Merkeleg nok er det ganske ofte vafler heime hos oss på måndagane. Då får vi brukt opp restar frå helga (rømme, fløte, vaniljesaus m.m.).Røring av egg og sukker er alltid populært, og om ikkje mor hadde teke i bruk alle sine pedagogiske evner, ser eg ikkje vekk ifrå at kranglinga raskt hadde utvikla seg til handgemeng! Alle mann var sjølvsagt i sving ved vaflebollen, og alle fekk røre! Ser du eggedosishjartet???

038 042 043

Dei minste føtene i huset vart plassert på kjøkkenbenken.

Ho likar seg godt når mjølet fyk, denne jenta!

044

 

Storebror bivånar det heile frå sidelinja.

La berre småjentene styre med dette, seier han.

Glade vart dei i allefall når vaflene kom på bordet!

 

 

 

Og så var det dette med premieutdelinga.....

Då eg sjekke bloggnytt i formiddag, såg eg til mi store forbausing at snille sjeler hadde gitt meg ikkje mindre enn tre prisar! Tenk å vere så heldig! Eg set så unendelg stor pris på alle mine kjære bloggvener, og då er det sjølvsagt ekstra stas å motta slike prisar frå bloggarar som eg beundrar høgt!

award1

Denne fekk eg med Joanna i Episoder - tusen takk, du er ein knupp!

award4 award5

Desse to prisane fekk eg med Kerstin i Min hvite verden - tusen takk, eg beundrar sida di og seg difor ekstra pris på å motta desse frå deg! Den siste prisen, eit fantastisk måleri, er ein "Wylde Women Award". Skal kome tilbake og skrive litt meir om den seinare. Må også tenkje ut kven eg skal gi dei vidare til!

Tusen takk til Joanna og Kerstin som gjer meg så glad!

6 kommentarer:

  1. Så kjekt at det gikk så bra den første barnehagedagen. Eg huskar godt min første endå - eg var litt eldre enn Sina vel og merke - men det var ein dag med både tårer og glede, for eg klarte ikkje å bestemme meg om eg ville vere der eller bli med mamma heim ;o) Men det begynner å bli nokre år sidan gitt...

    Her er ferien over, og eg snik meg til ei blogglesepause på jobb.

    Ha ein flott dag vidare, og lukke til i morgon=)

    SvarSlett
  2. Hei!
    Så fint at det gikk bra på første barnehagedagen og at Sina fant seg til rette. Det går nok fint i morgen også skal du se :) Er nok mor som er mest bekymra av dere to. Hihi!
    Vet akkurat åssen det er. Kjenner meg igjen fra 29. oktober 2003 når minsten min hadde sin første barnehagedag. Var fortsatt 14 dager igjen til han fylte året. Hadde ikke lært å gå enda engang....
    Men det er allerede 5 år siden - skal si den tiden har gått fort!!!
    Vips!! Så har han begynt på SFO og er skolegutt fra 18. august!!
    Hvor ble årene av???
    Ha en fortsatt fin dag og lykke til videre i barnehagen!!

    SvarSlett
  3. For noken herlege bilete av vaffel måndagen ;O)
    Og grattis så masse med fleire awarder, det fortenar du!

    P.S Kjekt å høyre at det gjekk bra i barnehagen. Det går heilt sikkert kjempe bra skal du sjå:O)

    Klem

    SvarSlett
  4. Godt å høyre at det gjekk bra med Sina i barnehagen, og ikkje minst med mor ;-)

    Har kosa meg med å lese om alt du har skrive sidan forrige tysdag. Eg har sagt det før og eg seier det igjen: du skriv så godt, med treffande og skildrande ord! Prisane du har fått er vel fortent!!

    SvarSlett
  5. Så flott at vesle Sina fann seg til rette i bhg med det same. Og ja - det er nok heilt klart verst for mor! Eg gruar meg som ein hund til neste mandag.....

    Grattis med flotte preimar, forresten! :) Vel fortente, alle 3!

    SvarSlett
  6. Hei Tove. Ja, det er ein fyrste gong for allting. I morgon skal twinsa i barnehagen, og eg får ikkje eingong vere med dei....Ferien er over, og eg må inn på Alex på kurs. Så her er det far i huset som må ta "støyten". Men eg har no brukt nokre timar på å leite fram byttekle frå inst til ytst, regndressar, tøfler, støvlar osv...og som den småskulepedagogen eg er, så veit eg viktigheita av at alt er merka!!! Det vart forsyne meg ein heil bag med klede :-)
    No er eg no ikkje heilt inne i dette bloggestyret, men eg kosar meg iallefall med din sin. Så alle andre som gir deg prisar skal ha takk frå meg også.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!