torsdag 7. august 2008

Nokon har plukka blomar til meg...

No ventar du kanskje ei vakker og rørande historie om små barnehander som kjem springande til mor med vakre blomar frå grøftekanten! Men slik er det ikkje denne gongen!

blåknapp1 blåknapp2

Blomane kjem rett nok frå grøftekanten, men det er min hjartans kjær som har plukka dei! Han fann dei medan han var ute på tur med ungane og hunden, og visste at eg ville verte både rørt og glad om han kom heim med slike. Blomane heiter forresten Blåknapp (no tenkjer eg hobbybotanikar Astrid i "Frå eit A4-liv" vart retteleg så imponert over meg!).

094

For det fyrste er det ein av favorittfargane mine, og for det andre har eg sagt eit utal gongar at det ikkje nødvendigvis er blomar frå Floriss som er gjevast å få! Eg er minst like glad i markblomar og andre blomar som naturen forsyner oss med. Og for det tredje (og ALLER viktigast!), så er det tanken bak som tel. Imponerande at han har plukka opp alt dette og hugsa det!

Tusen takk, kjære.....

4 kommentarer:

  1. Så heldig du er som har fått blomster av din kjære! Ligger jo faktisk mer kjærlighet bak noe han har tatt seg bryet med å plukke selv enn noe som er kjøpt :0) Tenk at du skulle treffe på Anna Lisa! Det kan jeg tenke meg var hyggelig! Jeg må virkelig få skryte av deg: du er så flink til å poste mange innlegg! (og uten at noen av dem blir overflødige eller platte)

    SvarSlett
  2. Full of surprises, that man :)

    SvarSlett
  3. Wow, for ein oppmerksom mann! Trur eg hadde dotte av stolen om min kom heim med sjølvplukka blomar :)

    Og så kjekt å plutseleg treffe ein med-bloggar! Eg har og støytt på ei, men veit ikkje om gjenkjenninga gjekk begge vegar, så eg heldt stillt :) Kanskje ein annan gong?

    Nyt kvelden!

    SvarSlett
  4. Herlig!
    Ein slik bukett hadde eg smelta heilt av å få:)
    Der er så mange undervurderte skogblomar, og som du sikkert har forstått så er det nettopp skogblomane eg likar best;)
    Blåknapp gir meg signal om at sommaren er på hell, med eit håp om å gå ein fin haust i møte!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!