fredag 8. august 2008

...men framleis er det sommar!

Kveldane har vorte mørkare, det er eit kjølegare drag i vinden og naturen syng med undertonar av haust. Eg forstår det slik at mange gruar seg til hausten og ser med stort vemod at sommaren er over. Men det er framleis sommar! Det må vi glede oss over ei stund til!

sommarstemning, blogg1 sommarstemning, blogg2

Vi kan framleis nyte maten på terrassen. Dekke sommarbord og pynte med blomar frå eigen hage. Vi kan glede oss over vakre solnedgangar og varm bris når kveld går mot natt. Det er så mykje å framleis glede seg over!

sommarstemning, blogg3 sommarstemning, blogg4

Plukk inn sommaren og set den i vasar, sylteglas, muggar og gamle krukker! Vis at du set pris på dei vakre blomane du planta ut i vår, eller gav omsorg og kjærleik i fjor haust - akkurat no blømer dei for deg! Lag deg eit notatbok og skriv ned korleis sommaren har vore, ta vare på dei vakre stundene, dei late dagane og bevar dei til neste sommar. Ta dei fram når vinteren kjem, varm deg på minna og pris deg sjølv lukkeleg for at du var så heldig å få ha ein slik sommar. Lag sylte og saft av det som veks i hagen din eller på fjellet. Tenk å kunne kjenne smaken av sommar når vinterstormane piskar på ruta di, og du sit ved kjøkenbordet med stearinlys og berre drøymer om vår...

Sommaren er ikkje for kort, kanskje er det berre vi som har det travelt med å kome vidare i liva våre?

Sommaren varer ikkje evig, men vi kan med enkle grep gjere akkurat denne sommaren til eit evig minne.

Sommaren tek ikkje slutt, vi tek vare på den i minna våre, i sjela vår og i draumane våre.

Og hausten er ei gåve som kjem når sommaren er slutt! Det skal eg skrive meir om på bloggen seinare...

Kos deg og nyt dagane, det er framleis sommar.....

(bileta har eg lånt frå Martha Stewart si heimeside)

5 kommentarer:

  1. Herlig skrevet. en liten tankevekker. lett for å tenke at sommeren er over, glemme å nyte. Men selv om været er grått og kjøligere kan man som du sier nytesommeren inne . Med blomster og lys. Det er ganske så koselig det også. Selv syns jeg nok det er litt vemodig . men samtidig gleder jeg meg til å kose meg inne . Ta tak i noen prosjekter inne også.

    Ha en fin helg .
    Helt nydelige bilder du viser. Vakre blomster og arrangementer:O=)

    Klem =)

    SvarSlett
  2. Ja visst er det sommer ennå!!
    Herlig skrevet av deg:O)
    Vi har hatt en fin sommer med masse fine minner og vi kan fremdeles få deilige dager utover!!
    I dag har her vært varmt og fint:O)

    Ha en fin helg:O)

    SvarSlett
  3. kor fint sagt!
    Eg har ein haug med fine sommarsdags bileter som eg skal ta fram når det ruskar ute..GOD HELG!

    SvarSlett
  4. Hehe - jovist er det sommer enda - men her er det litt berre på kalenderen, eg fryse - ull labbene er funnet fram, og i kveld har eg fyrt opp.

    MEN eg håper på mange flotte sommerdager ennda

    smil fra monika

    ps- vis gubben din blir arbeidslaus - har vi MASSSSE stein og grus som skal - bør - må kjøres bort :-)

    SvarSlett
  5. Ja Tove..du har så rett. Eg likar hausten. Med vakkre fargar og den fine høstsola, alle plometrea og epletrea som bugnar......men det er seinhøsten/vintaren eg ikkje likar. Tida frå November til mars grur eg meg alltid til. Det er mørkt og trist. Ensomt og det blåser...
    Nydelig skrevet, du er så flink!
    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!