fredag 8. august 2008

Fredagskos...

Det er så lenge sidan eg har skrive oppskrifter på bloggen min, så no var det kanskje på høg tid! Med dei to eldste ungane trygt plassert med supertante på overnatting (kor heldig er vel ikkje vi???), skulle mor og far kose seg med god mat. Det må vere noko lett når det skal inntakast litt seint på kveld, og hovudingrediensen er kylling. Kan vel kalle det ein gedigen bruschetta med kylling og mykje anna godt...! Slik gjer du det:

019  021

Ingrediensane må vere ferskast råd! Det er ekstra kjekt å kome heim med alle desse godsakene ei eit rosete handlenett istadenfor ein plastikkpose med tusen hòl og revner i! Som tilbehør (det heiter vel kanskje garnityr på fagspråket?) treng du basilikum, ruccolasalat, små klasetomatar, raud lauk og paprika.

025  027

Kyllingfilètane steikjer eg i ei blanding av EVOO (extra virgin olivenolje) og smør. Smak til med salt og pepar. Steik til dei får ei fin og gyllen flate, ettersteik i steikeovn for å sikre deg at dei er gjennomsteikte (ca. 200 gr., 10-15 minutt). Bruk olivenbrød (helst kuvertbrød, det får du i dei fleste daglegvarebutikkar no. Spør betjeninga i ferskvareavd. og be om å få kjøpe dei frosne dersom det er tomt i hyllene. Eller for all del;  lag dei sjølv! Del dei i to og risle over EVOO og balsamicoeddik (eddiken må vere seig og søt, kjøp deg ein god så har du lenge og til all slags mat). Dryss over litt flaksalt til slutt. Steik i ovnen på varmluft, 200 gr., 5-8 minutt. Pass godt på så dei ikkje vert for steikte, då blir dei så harde at du ikkje klarer å bite over!

031 033 035

Ekstra tilbehør: mozzarellakuler og oliven. Mozzarellakulene smeltar når du legg dei på den lett varme kyllingen og gir ei fantastisk smaksoppleving! Dei to siste bileta er mannen sitt snadder; oliven og marinert reke/blekksprut. Dette et han langs med og meiner det er alle tiders!

044

Legg alle ingrediensane lagvis opp på nederste halvdel av brødet. Du kan bruke kva som helst av ingrediensar, vi har alle så ulik smak. Dette er dei ultimate smakane for meg, du har kan hende andre ynskje! Dersom du vil variere prikken over i`en kan du prøve med 1) raspa lime,- eller sitronskal 2) lønnesirup el. vanleg sirup. Desse to ingrediensane kan du evt risle over kyllingen før du legg på "lokket". Retten er best om den vert servert lunken.

Måtte maten smake!

9 kommentarer:

  1. hmmm. det såg godt ut :)
    MEN - det var skålene dine eg likte best :)
    Så NO veit eg kva eg skal ønkse meg i bursdagspresang :-)
    Takke takk for titten
    smil fra monika

    SvarSlett
  2. Dette så virkelig godt ut.O=) Vi hadde også kylling til middag i dag. men det bli lettere hektisk måltid. da vi måtte redde datterens bil for borttauing:O=) Men hva gjør en ikke for sine søte håpefulle:O=)
    Ha en godt måltid og kveld. Klem fra Bergen :O=)

    SvarSlett
  3. Bruchetta har eg ikkje spist på leeenge, men eg trur eg skal prøva din variant i kveld! Det såg nemleg veldig godt ut ;O)

    SvarSlett
  4. Eg får vatn i munnen av detteNAAAM! Ser kjempe godt ut!!Kanskje eg skal slå til med noko liknande ein kveld!
    I kveld vert det ikkje, då skal me på grillfest!Håpar berre veret held!
    GOD HELG!

    SvarSlett
  5. Hei Tove !

    Takk for en kjempefin blogg jeg og mange andre får se. Kan tro jeg ble kjempesulten når jeg så de fine bildene. Den oppskriften må jeg prøve.
    Ellers var det hyggelig å lese om ditt møte med en annen blogger. Fint at du tok initiativ, tenk hva du vant på det.
    Ha en god helg videre.
    Hilsen Tove

    SvarSlett
  6. Dette såg utruleg godt ut Tove, så eg får vatn i munnen og kjenner svolten rive i tarmane. Desverre har jentene bestilt mammas pizza i kveld så må nok prøve denne ein annan dag, MEGET SNART!

    SvarSlett
  7. Dette så aldeles nydelig ut!! Blei sulten her eg, så nå skal eg lage ein deilig kyllingsalat min mann bestillte til kveldskos.

    Du tar alltid så flotte bilder at eg blir heilt imponert.
    Kor du får det til??
    Eg må begynne å øve meg.. :)
    Ellers vil eg bare fortelle deg at det ligg ein award til deg på sida mi:) Den fortjena du absolutt!!!
    Værsågo:) Klem frå meg

    SvarSlett
  8. Dette så aldeles nydelig ut!! Blei sulten her eg, så nå skal eg lage ein deilig kyllingsalat min mann bestillte til kveldskos.

    Du tar alltid så flotte bilder at eg blir heilt imponert.
    Kor du får det til??
    Eg må begynne å øve meg.. :)
    Ellers vil eg bare fortelle deg at det ligg ein award til deg på sida mi:) Den fortjena du absolutt!!!
    Værsågo:) Klem frå meg

    SvarSlett
  9. Dette så bare kjempegodt ut!!
    Kjenner jeg er sulten og glad for at mannen er begynt å lage mat til meg:O)

    Ha en fin lørdagskveld:O)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!