fredag 15. august 2008

Ein tannfe, takk!

Det er oppstandelse i heimen! Ikkje fordi Ida mista ei tann i går (ho har mista to før), men fordi ho denne gongen fullt og fast trur på tannfeen. Eg tek sjølvsagt på meg all skuld for det, då eg i dag tidleg skrøna litt og sa at eg faktisk såg tannfeen på kjøkkenet vårt i går kveld.

Ida har det med å leve seg inn i alt eg fortel, så spørsmåla var sjølvsagt mange: Korleis såg ho ut? Sat ho ved kjøkkenbordet? Landa ho på benken? Kor stor var ho? Hadde ho venger? Kva slags kjole hadde ho? Laga ho lyd? Alle desse spørsmåla gav meg sjølvsagt moglegheita til å skrøne endå meir. Skrøna er som følger:

tannfe tannfe2 tannfe4

Eg sat på stova og blogga litt (denne detaljen måtte med for å skape truverde...), då eg brått høyrde ein slags rar svussjelyd på kjøkenet. Eg lista meg på tå og kika forsiktig inn kjøkendøra. Der fekk eg sjå tannfeen! Ho hadde stansa, i lufta, borte ved kjøkkenbenken - og det var slaget av dei lynraske vengane som altså laga denne lyden. Tannfeen vart litt overraska over å sjå meg, for ho trudde alle i huset hadde lagt seg. Ho forklarte meg at ho leita etter Ida si tann. Eg leita fram glaset med tanna, som allereie var fullt av pengar (snille besteforeldre, veit du...), og tannfeen vart så lei seg for at det ikkje var plass til hennar pengar. Eg lova tannfeen å fjerne pengane til neste dag, slik at Ida kunne ta med seg glaset på romet ved leggetid neste kveld. Tannfeen slo seg til ro med dette, takka for seg og gav lovnadar om å kome attende neste kveld (altså i skrivande stund).

Ida vart stor i augene då eg fortalde alt dette. Alle dei rutinerte morgongjeremåla på badet stoppa opp som fylgje av den spennande historia. Ida ville ha fleire detaljar, så eg dikta meir. Tannfeen er omlag 40-50 cm lang, har lyst krølla hår, brukar lang lys kjole og små venger på ryggen. Ida bestemte seg raskt for at ho skulle rangle i kveld slik at ho med sjølvsyn fekk sjå den skjønne feen. Eg forklarte at tannfeen ikkje kom dersom ho fann ut at borna var vakne, Då brukte ho berre å kaste litt sovestøv i augene på dei slik at dei sovna raskt. På den måten får tannfeen kome inn på romet og gjere jobben sin. Ida skjønte alt dette og lovde meg å vere flink og legge seg til i kveld. Men då måtte eg love henne ein ting: eg skulle spørje tannfeen to spørsmål. 1) Kvar hadde tannfeen kjøpt kjolen sin? Ida ville nemleg ha maken 2) Kan tannfeen legge at setlar istadenfor mynt?

 tannfe3tannfe5 tannfe1

Som sagt, så gjort. Ida var flink å legge seg i kveld, og eg sit klar med spørsmåla og ventar på tannfeen. Svara har eg sjølvsagt dikta opp allereie: tannfekjole trur eg me skal klare å finne på internett ein stad, og det blir nok ein setel under glaset i stadenfor mynt denne gongen (vil ikkje skjemme henne vekk, men forklarer det med at det er mykje enklare for tannfeen å flyge rundt med papirpengar enn tunge myntar...).

Rett før Ida forsvann inn i draumeverda, hadde ho berre eit liiiiiite spørsmål til - og her treng eg hjelp frå alle kreative og dyktige damer ute i bloggeverda: ho hadde lyst på ein liten tannfe som kunne ha på romet sitt heile tida.

Og då slo det meg; tannfear må vel vere ein god forretningisidè???

Eg ser for meg små Tilda-tannfear med kvite kjolar, kvite venger og halvlangt krøllete hår. Kan nokon lage ein slik tannfe?????

Eg skal vere fyrste kunde i køa dersom noko slikt blir laga. Sjølv kjenner eg mine begrensningar og tek ikkje eingong til å drøyme om å lage ein tannfe, når det er så mange flinke damer der ute!  Kanskje det finnast slike tannfear allereie, då håpar eg nokon kan tipse meg om nettbutikkar eller liknande.

No skal eg fyrst kose meg med fantastisk god, engelsk krim - deretter er det berre å pusse støv av vengene og  oppfylle draumen til min skjønne, sovande og tannlause engel...

4 kommentarer:

  1. He he...så artig:) Fekk meg til å huske at ho Anika trodde veldig på tennfeen for nokre år tilbake... Så søtt :)

    Ikkje dum idè å få lage ei slik i Tilda stil...håpar nokon kan hjelpe...skulle ønske eg var så dyktig, då hadde eg satt i gang med ein gang til ho :)

    Ønska deg god helg, hadde nettopp inn eit innlegg eg trur du vil gjerne sjå ;) Oppfyllte ønsket ditt om tapeten min...
    Klem

    SvarSlett
  2. For ei skjønn historie!
    Eg meinar på eg har sett tannfe ein plass, men eg klarer ikkje å hugse kor det var. Men tok eit kjapt søk, og kom over denne då http://www.esaias.no/default.pl?showProduct=348&pageId=175. Og dei har tannfeskrin hos www.alveslottet.no, men noko figur var det verre med.

    Håper nokon kan hjelpe deg. Det er jo så mange kreative sjeler her, så det trur eg skulle vere muleg! Lukke til:)

    SvarSlett
  3. Heilt klart, du må gje ut ei barnebok! Og illustrert med Tildafigurar el.l. blir den perfekt! Har allereie stillt meg i kjøparkø :-)

    SvarSlett
  4. Eg heng meg på begeistringa for tannfe-historia di Tove! Trur barnebokforfattaren i deg må få sleppe heilt ut ein dag. Eg garanterar at eg vert ein av dine lesarar:)
    No er eg altså på nett igjen, og du må stikke innom bloggen min, der er noko til deg.
    Ha ein fin dag!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!