onsdag 13. august 2008

Alt godt kjem til ein ende...

I dag har eg vore heimemamma i nøyaktig 16 månadar. Ein kan undre seg over kvar tida har vorte av. Mange av prosjekta eg hadde tenkt å gjere står framleis ugjort og 060 nedstøva. Eg har ikkje fått mala veggane på badet. Gangen oppe framleis like uferdig. Fjøsen skulle få seg eit lite lyft og skifte bordkledning, ikkje gjort det heller. Eg skulle ha grundig helgavask kvar fredag. Alle teppa skulle ut, alle sengane skulle skiftast på , alt skulle tørkast støv av, alle rom i huset skulle lukte av grønsåpe og ha friske blomar. Har dessverre slurva der òg...

Men eg har gjort verdens viktigaste jobb: eg har forma eit barn. Ilag med min kjære har eg har gitt liv til, og fødd fram ei skjønn lita jente - samstundes som at eg har tatt godt vare på dei andre ungane mine. Eg har i tillegg passa på mine politiske plikter, så det er løgn å seie at det har vore ein dans på roser. I perioder har det nesten vore meir travelt enn då eg var fulltidsarbeidande. Dei som har vore på bloggen min ei stund hugsar kanskje historier om særs utfordrande nattetimar, eller historia om bobla som sprakk. Det kan kanskje vere på sin plass å invitere blogglesarane mine med på ein heseblesande "mamma i farta"-kvardag, eller mine funderingar kring temaet fotballmamma

No er full fart-året mitt omme. I morgon skal Sina ha sin fyrste heile barnehagedag, og eg skal på formannskapsmøte. Dagen etter tek eg til att på jobb. Det vert store omveltingar for meg, men eg kjenner at det skal verte godt med kvardag og faste rutiner igjen.

051 053

056 I kveld har eg fått vere i fred med tankane mine, - og sakspapira. Pappaen i huset er på besøk med ein kompis og dei to eldste er på ymse overnattigar. Det var faktisk godt å få sakspapir i postkassa igjen. Eg reiv opp konvolutten med ein gong den kom og las meg gjennom sakene. Difor vart det berre litt oppfriskning i kveld. Og smågodt. Mykje smågodt! Erkjenner at det vart litt "comfort eating"-kjensle over det heile, men det er heilt greit.

Det vert ofte store bølger når ein skal kike attende på tida som har gått. No er dei 16 deilig månadane over, OG EG SKAL SJÅ FRAMOVER! Eg skal nyte tida som kjem og glede meg over at ungane vert eldre. Eg skal gjere alt eg kan for å bevare gløden eg går tilbake i jobben min med. Mitt nye liv; here I come!

Huff, dette innlegget vart litt prega av at det hjartet er fullt av renn munnen over med. Men eg fekk sortert nokre tankar og det var viktig for meg.

Med ynskje om ein flott kveld til alle mine bloggvener!

12 kommentarer:

  1. Ja dt er gjerne sånn at en har så mange planer som skal settes ut i livet. Heldigvis så bruker man mest tid på det som er viktigst. Nemlig våre små håpefulle.=) Tiden med går så utrolig fort , da er det godt å vite at vasking, maling og andre ting ikke har vært det viktigste.

    Er nok helt sikker på at du gjort en super jobb som mamma de 16 mnd du har vært hjemme. Ellers også selvfølgelig.

    Lykke til i morgen både for små og store.=)

    Klem Kerstin

    SvarSlett
  2. Idag var eg på jobb gjenn, då planleggingsdagane på skulen min har har starta. Veit du at eg synest at dethar vore kjempe kjekt. Ikje missforstå, det er herleg med ferie, men når ferieturen er unnagjort, og det eg hadde tenkt å male er malt, då blir ei rastlaust lita frue ENDÅ meir rastlaus!

    Eg fekk også litt dårlege vibbar av han øverst oppe, men har ikkje sett på sida hans så nøye..HMMM

    Når det gjeld det andre du lurar på, så må du bare fylle med, for kanskje det dukkar opp eit aldri så lite innlegg om ikkje alt for lenge ;O)

    P.S Går du på klubb???

    Klem;O)

    SvarSlett
  3. Same bransje stemmer nok ja. Eg jobbar på vidaregåande og det er sååå kjekt!! I år skal eg faktisk vere kontaktlærar noko eg gleder meg masse til:O) Nye og gamle elevar, blir kjekt det! Men kva i alle dagar mine overordna tenker med- som overlet desse unge hjernene i mi forvaring- er eit heilt anna diskusjonsemne...;O)

    SvarSlett
  4. Tida har ein tendens til å gå med det viktigaste:) Ønsker Sina lukke til med heil dag i bhg'en, nyt dine siste fritimar:)

    Det er rart med det, desse sakspapira kan verke sååå kjedlige, men jammen er det noko eige å få ferske saker servert ja! Her på Hareid har vi sommarferie litt lenger, men det skal bli greit å kome i gang igjen med politisk tenking!

    SvarSlett
  5. Anna Lisa, grønne innblikk & bagateller (pluss par tre andre??) skal på klubb til meg snart..Jaja no har vi vel blitt så pass gamle at det er på tide å starte- det eg alltida har ledd av_ ja nemleg ein klubb. Det blir jo ein slags blogg-klubb, då dei fleste av oss blogger! Du er hjerteleg velkommen om du har lyst :O)

    SvarSlett
  6. Kjekt å kunne bruke bloggen til å sortere tankene innimellom,jeg gjør det jeg også :0)Ønsker deg lykke til med "forandringene" i hverdagen både med jobb og barnehagebarn igjen.

    SvarSlett
  7. Først: Nydelig dikt ndeom...bare nydelig!!!
    Så: Ønska deg lykke til på møte i dag, ganske vemodig å starte på jobb igjan etter ei så lang tid som heimemamma:) Eg gruar meg til å forlate Tryggve på sin første dag i barnehagen...det er ei stund til ennå...men tida går så fort...
    Så: Tapeten skal eg ta betre bilde av og vise på bloggen:) Det skal eg ordne:) Eg har valgt å ha den tapeten på tre plassar i huset. For å få litt heilheit liksom. Det er på gangen( trappeoppgangen), over kjøkkenbenken i staden for flisar som eg ennå ikkje har bestemt meg for og så i gangen mellom kjøkken og stove. Men kun på ein vegg. Likar den veldig godt. Og den vart kjøpt på byggmix i volda ja:)
    Ha en fin dag min venn!!
    Klem

    SvarSlett
  8. Det er godt å ha mål å jobbe mot, men tida går(eller kjem) så alt for fort. Men ein ting er eg sikker på, ein sitt ikkje og grin på gamleheimen over at ein har vaska og rydda for lite i livet;-) Det viktigaste er menneska rundt oss, familie og vener, og å ta vare på dei.
    Nydeleg dikt under, ein kan gjere seg nokre funn når bibiloteka har ryddesalg i hyllene.

    SvarSlett
  9. Eg kjenner at kvart einaste ord i innlegget ditt, Tove... mandag er dagen for meg.

    Håpar det har gått bra idag, både med vesle Sina og mor sjølv.

    Og så har eg vore inn i bloggen til Ma og lese, og det slår meg at du er ein ressursperson for lokalsamfunnet - ei som alltid trør til når det trengs :)

    Og så var det _utruleg_ lurt, det Bagateller sa "ein sitt ikkje og grin på gamleheimen over at ein har vaska og rydda for lite i livet;-) " - det adopterer eg på flekken!!

    Ein dag, så er det plutseleg helg igjen - god kveld vidare!

    klem

    SvarSlett
  10. Lykke til med jobbstart for deg, og barnehage for lillejenta!Det er så sant som du sier-du har gjort verdens viktigste jobb disse 16mnd!! OG DET SKAL DU VÆRE STOLT AV!!

    Neste mandag begynner min gutt på 3år i barnehage.., og selv om han er VELDIG klar for å begynne, så er nok mor en smule spent. Vet han vil trives, men likevel.. Han har tusla i hælene på meg i 3 år, hver dag. Og nå-halvplass i barnehagen. Kanskje jeg får bedre tid til å male bilder de formiddagene han er vekke...hmm.. only time will show. Men jeg skal ikke planlegge. Tar en dag av gangen.
    KOS DEG med papirer og jobben!!

    SvarSlett
  11. Ja, hallo!!! Korleis kunne du rekke alt du tenkte når du i tillegg til tre flotte ungar, mann (krev vel litt han og? ;-) og politikk har fått deg ny hobby som "stel" mykje tid. BLOGGING!Veit i alle fall med meg sjølv at det kunne ha blitt mange kvadrat med malte veggar hadde eg ikkje vore, ja, nettopp: HER!
    Men utruleg kjekt og utkoplande :-D

    Var veldig greit å begynne på jobb idag! Ser deg vel kanskjer i morgon?

    SvarSlett
  12. Jeg tror det må ha skjedd et lite teknisk kræsj på bloggen din, for mens du skrev det lynende sinte innlegget så sendte jeg deg en kommentar på dette innlegget som ser ut til å ha blitt borte?? jaja, jeg prøver igjen:-)

    Tusen hjertelig takk for at jeg fikk en award fra deg! Det er min første så jeg lurer på hvordan dette gjøres??

    Jeg er spesielt beæret for at awarden kommer fra deg; jeg beundrer deg for en fin blogg, varme og omtanke for andre og et humør som smitter langt ut i bloggverden!
    Ha en fin kveld Tove.
    Klem fra Gry

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!