torsdag 10. juli 2008

Prosjekt nr. 1

Det er framleis myyykje att av ferien min, så eg må ha nokre prosjekt gåande for ikkje bli lei eller utolmodig. No er det Ida sitt rom som står for tur. Der har det
vore litt unntaks-
tilstand i det siste, så no må vi ta oss på tak og ordne opp. I dag har vi tømt rommet for alle ting som hang på veggane, stod i hyllene eller låg utover golvet. Neste steg vert grundig nedvask og kanskje ei lita ommøblering - og til slutt, sjølve kruna på verket, skal der opp nye gardiner. Har akkurat klipt til stoffet, men treng tråd i rette farge til symaskina før eg kan gjere dei ferdige. Småblomstrete, florlette gardiner må vel vere midt i blinken på eit prinsesserom??? Ho treng seg også ny bokhylle og ein stol til skrivebordet. Tenkte eg skulle sjå om eg kunne finne noko spennande på bruktbutikken. Skal halde alle mine blogglesarar oppdaterte på prosjektet!

2 kommentarer:

  1. Åhhh... gardiner ei prinsesse verdig! Nydelige!

    SvarSlett
  2. Sukk! Av og til skulle eg ønske at min 11 åring framleis var på prinsesse-stadiet, det er ei fin tid for alle mødre som likar å dille til for prinsesene sine ;-)
    Her skal det vere kult og tøfft....

    Angåande foto i bakgrunnen: strevde litt før eg fekk det til, men fotoprogr.som høyrde med kameraet ("FinePixViewer") har eit simpelt redigeringsverktøy som eg kan velje når eg høgrklikkar på biletet. Men Microsoft Fotodraw, som du sikkert har på maskina di, går sikkert også an å bruke. Men ein del plundring for å lage rett størrelse blir det nok!
    Lukke til ;-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!